


Rimstigen - Panorama utsikt over UNESCO lista Nærøyfjorden
Køyr ca. 5 kilometer langs fjorden frå Gudvangen og parker ved Bakka. Stien startar frå bilvegen mellom Bakka og Tufto ved Nærøyfjorden. Rimstigen går bratt oppover fjellsida og fører til stølane som høyrer til gardane Bakka og Tufto. Det har blitt gjort eit omfattande restureringsarbeid av lokalbefolkninga og sherpaer frå Nepal på dei brattaste partia med steintrapper. Turen er utfordrande og veldig bratt, det kan være glatt til tider. Nyt utsikta på vegen opp og på toppen må du sørge for å ta bilder. Gå ned igjen same veg.
Parkering: Parkering på Bakka
Distanse: 5 km / 720 meter høgde forskjell.
Tid: 5- 6 timar
Vanskelegheitsgrad: Krevjande fottur
Sesong: Juni - Oktober
Toalett: Vær oppmerksom på at det ikkje er offentleg toalett på turen til Rimstigen.
Vatn: Fyll flaska med vatn før turen då det kan vera lite tilgang på vatn på turen.
Hugs bandtvang.
Før du legg ut på desse krevjande turane, er grundige førebuingar avgjerande. Pass på at du har passande utstyr, inkludert eit påliteleg par tursko, vêrpassande klede og ein godt pakka ryggsekk med nødvendigheiter som vatn, snacks og førstehjelpsutstyr. Gjer deg kjend med dei merka rutene, og ha med deg eit kart for ekstra navigasjon. Gitt alvoret og vanskelgheitsgrada på desse turane, blir dei utelukkande tilrådde for erfarne turgåarar.
1. Bruk offentlege toaletter og søppelkasser
2. Hold deg til merka stier
3. Ikkje mat dyra
4. Respekter privat eigedom
5. Hold til venstre på vegane og bruk fortauet for å vike for lokale bønder
Sjekk yr.no og ikkje gå ved dårleg vær
Kilde: Visit Sognefjord AS