Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Aurland

Rimstigen

Rimstigen
Rimstigen
Rimstigen

Rimstigen - Panorama utsikt over UNESCO lista Nærøyfjorden

Tur til Rimstigen - utsikt over UNESCO Nærøyfjorden

Køyr ca. 5 kilometer langs fjorden frå Gudvangen og parker ved Bakka. Stien startar frå bilvegen mellom Bakka og Tufto ved Nærøyfjorden. Rimstigen går bratt oppover fjellsida og fører til stølane som høyrer til gardane Bakka og Tufto. Det har blitt gjort eit omfattande restureringsarbeid av lokalbefolkninga og sherpaer frå Nepal på dei brattaste partia med steintrapper. Turen er utfordrande og veldig bratt, det kan være glatt til tider. Nyt utsikta på vegen opp og på toppen må du sørge for å ta bilder. Gå ned igjen same veg. 

Turfakta:

Parkering: Parkering på Bakka

Distanse: 5 km / 720 meter høgde forskjell.

Tid: 5- 6 timar

Vanskelegheitsgrad: Krevjande fottur

Sesong: Juni - Oktober

Toalett: Vær oppmerksom på at det ikkje er offentleg toalett på turen til Rimstigen. 

Vatn: Fyll flaska med vatn før turen då det kan vera lite tilgang på vatn på turen. 

Hugs bandtvang. 


Førebuing og tips:

Før du legg ut på desse krevjande turane, er grundige førebuingar avgjerande. Pass på at du har passande utstyr, inkludert eit påliteleg par tursko, vêrpassande klede og ein godt pakka ryggsekk med nødvendigheiter som vatn, snacks og førstehjelpsutstyr. Gjer deg kjend med dei merka rutene, og ha med deg eit kart for ekstra navigasjon. Gitt alvoret og vanskelgheitsgrada på desse turane, blir dei utelukkande tilrådde for erfarne turgåarar.


Vi er glade for å ha deg på besøk - takk for at du viser respekt og omsorg under oppholdet ditt

1. Bruk offentlege toaletter og søppelkasser
2. Hold deg til merka stier
3. Ikkje mat dyra
4. Respekter privat eigedom
5. Hold til venstre på vegane og bruk fortauet for å vike for lokale bønder

 
Eg er Sognefjord
 

Sjekk yr.no og ikkje gå ved dårleg vær

Kilde: Visit Sognefjord AS

Rimstigen

Sider du nylig har besøkt