Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Nordfjordeid

Rindehornet

  • Hjelle, Eid
  •  /  km From You
Overview
Details

Få fugleperspektivet Sjå Nordfjordeid frå ein ny vinkel. Ta deg ein runde på Rindehornet. Skogsveg og god sti fører deg gjennom skogen frå garden Rindane. Oppe på snaufjellet openberrar det seg meir og meir utsikt mot Eidsbygda, Nordfjorden og Hornindalsvatnet. Dette er turen for deg som ikkje likar å gå ned att same vegen. Det går to stiar til toppen. Ta ein opp, og den andre ned att. Ditt val. Du er fri. Som fuglen.

Ca 4 km aust for Nordfjordeid, rett vest for krysset Stryn/Volda, går det ein gardsveg opp frå rv 15, i nordvestleg retning. Følg denne ca. 2 km, til du kjem nesten opp til fjellgardane på Rindane. Til venstre for vegen her ligg det ein stor lunneplass som kan nyttast til parkering.


Frå parkeringsplassen tek du skogsvegen til høgre. Etter eit par hundre meter kjem du inn på ein gamal setreveg, du kan fylgje den heilt opp til Hjellesetra. Med det same du kjem opp på høgda der du fyrst kan sjå Hjellesetra, ”Skaret” (ca 450 moh), tek stien til Rindehornet av mot venstre opp langs ein rygg. Stien er mykje brukt, og er kraftig og lett å finne. På toppen på Rindehornet er det bratt utfor med utsikt rett ned på hustaka på gardane på Rindane. Det er og flott utsikt nedover dalen mot Eid, med Eidsfjorden i bakgrunnen og innover Hornindalsvatnet. For å få ei anna rute på tilbaketuren, kan du følgje stien vidare forbi toppen, fortsetje ned på høgre sida av to små vatn vest for toppen, og følgje elva derifrå til du kjem til starten på skogsvegen i Hjelleskaret. Når du kjem eit stykke ned i denne vegen, kjem du til ei bru ved eit vegkryss. Ta skogsvegen til venstre her, og du kjem til utsiktspunktet Gildra ovanfor Hjelle, før du kjem nedatt på parkeringsplassen der du starta.


Frå starten og opp til toppen er det 2,5 km. Dersom ein vel å gå rundturen som er skildra her, blir heile turen på ca 6,5 km.


Rindehornet er ein av Fjordspor-turane - 20 magiske vandreopplevingar i Nordfjord. www.nordfjord.no/fjordspor


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Ekspert
Landskap
  • Fjellområde
Årstid
  • Høst
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Vandring
Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Utendørs parkering - mot avgift

Facts

Effort Level
Medium
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Mountain area
Season
Autumn
Click to activate
Eid, Norway
The latitude and longitude
61° 55' 39" N / 6° 3' 58" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad