VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland ASKVOLL

Romantisk avbrekk for 2 på Værlandet Havhotell

  • Værøyhamnen, Askvoll
  • +47 91730366
  •  /  km From You
Overview
Details

Har du lyst på ei romantisk oppleving ved havet? Værlandet Havhotell byr på overnatting i moderne arkitektur med havet rett utanfor soverommet!

Nyt eit romantisk opphald på Værlandet og Bulandet med havet som næraste nabo. På Værlandet Havhotell vaknar de til lyden av bølgeskvulp. Frå det moderne hotellrommet kan de nyte utsikt over havet og det majestetiske fjellet Alden. Drøym dykk vekk frå kvardagen og utforsk det spektakulære øyriket i dykkar eige tempo.
 

HØGDEPUNKT
- Opplev det spektakulære øyriket Værlandet og Bulandet
- Få hyggepakke ved ankomst med snacks, turkart, og utlån av lommelykt og tøflar.
- Bu i moderne arkitektur med utsikt over havet

PROGRAM
Du kan velge om du vil ankomme Værlandet fredag eller lørdag. ​​​​​Innhaldet vil variere etter ankomstdag. Program for fredag til søndag: 

Fredag
Innsjekk på Værlandet Havhotell etter 16:00*.
Hyggepakke på rommet.
Enkelt kveldsmåltid levert på rommet.

Lørdag 
09:00 Frukost levert på rommet.
Nyt øyriket slik de vil - i dykkar tempo. Det er mange flotte turløyper i nærleiken og moglegheiter for å leige sykkel. 
På ettermiddagen/ kvelden får de servert fiskesuppe på hotellet.

Søndag 
09:00 Frukost levert på rommet.
11:00 Utsjekk og takk for no*. 

*Vi gjer vårt aller beste for at de skal ha eit flott opphald. Når vi har ledig kapasitet kan du sjekke inn tidlegare og sjekke ut seinare, utan tillegg i prisen. 


ROMANTISK AVBREKK FOR 2 PÅ VÆRLANDET HAVHOTELL
Lengde på opphaldet: Vel mellom  2 dagar (1 natt) eller 3 dagar (2 netter)
Sesong: Heile året, fredag - søndag.
​​​​​​Inkludert i pakken: Opphald frå fredag til søndag inkluderer hyggepakke, 2 overnattingar inkl. vask og sengetøy, 2 frukostar levert på døra, enkelt kveldsmåltid på dag 1, fiskesuppe på dag 2 og transport frå Værlandet kai til hotellet ved behov. 
​​​​​Pris: 2150,- for per pers. for 2 netter/ 1350,- for per pers. for 1 natt. Bestill ved å sende ein e-post til post@vaerlandethavhotell.com
Tilleggsval: Leig 2 syklar og få dei levert på hotellet.
 

BOOKING
Send ein e-post til Værlandet Havhotell for å bestille: post@vaerlandethavhotell.com
 

OM VÆRLANDET HAVHOTELL
Vi tilbyr overnatting i moderne arkitektur med himmel og hav tett på. Værlandet Havhotell består av 7 eksklusive hotellrom. Alle romma har eit eige tema som pregar fargeval og interiør. Stikkord er hav, natur, dyreliv, geologi, fauna, fiskeri og historie. 1 av hotellromma er handikaprom. Vi tek omsyn til allergiar og matintoleranse. Vi har resepsjon hos Joker Værlandet som ligg plassert på ferjekaia på Værlandet. Avstand frå Joker Værlandet til Værlandet Havhotell er ca. 2 km. Ved behov blir gjestene transportert frå ferjekaia til havhotellet. 

 

REISEFORSLAG
Frå Askvoll
Ta ferje i 1 time frå kaia i Askvoll sentrum til Værlandet. Sjå en-tur.no for rutetider ved å leggje inn «Frå: Askvoll kai» og «Til: Værlandet ferjekai». Ferjebillett kjøper du om bord på ferja. Ved behov blir gjestene transportert frå ferjekaia til havhotellet. 
​​​​​
Frå Bergen
Med ekspressbåt: Ta ekspressbåt i 2,5 time frå Strandkaiterminalen i Bergen til Askvoll, og så ferje i 1 time frå Askvoll til Værlandet. Sjå en-tur.no for rutetider ved å leggje inn «Frå: Strandkaiterminalen, Bergen» og «Til: Værlandet ferjekai». På norled.no kan du kjøpe billettar til ekspressbåten. Ferjebillett kjøper du om bord på ferja.

Med bil (4,5 time): Følg E39 i nordleg retning. Etter om lag 2 timar kjem du til ferjestrekka Oppedal-Lavik. Etter ein halvtime på ferja kjem du til Lavik. Følg E39 i retning Førde. Når du etter 50 minutt kjem til Dale tek du til venstre i retning Askvoll. Etter 20 minutt kjem du til Askvoll sentrum. Her i frå kan du ta ferja til Værlandet. Rutetider til ferjene finn du her. Du kjøper billett om bord på ferjene.

Frå Florø
Ta ekspressbåt i 40 minutt frå Florø til Askvoll, og så ferje i 1 time frå Askvoll til Værlandet. Sjå en-tur.no for rutetider ved å leggje inn «Frå: Florø kai» og «Til: Værlandet ferjekai». Ved behov blir gjestene transportert frå ferjekaia til havhotellet. På norled.no kan du kjøpe billettar til ekspressbåten. Ferjebillett kjøper du om bord på ferja.

Frå Førde
Ta buss i 1,5 time frå Førde rutebilstasjon til Askvoll sentrum, og så ferje i 1 time frå Askvoll kai til Værlandet. Sjå en-tur.no for rutetider ved å leggje inn «Frå: Førde rutebilstasjon» og «Til: Værlandet ferjekai». Ved behov blir gjestene transportert frå ferjekaia til havhotellet. Du kjøper billett om bord i bussen og ferja.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten

Utendørsaktiviteter

Sykling
  • Sykkelutleie

Opening hours

1. jan. 2021 – 31. mars 2021
fr. lø. sø.
See All

Price

Description Price*
Pakke 1 døgn 1350,00 Pr. person
Pakke 2 døgn 2150,00 Pr. person
* Price from
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages