Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Sunnfjord Flora

Rorbuferie hos Fjord Tourist

  • Stavangvegen 36, Flora
  • +47 91133022
  •  /  km From You
Overview

Hos Fjord Tourist ligg alt til rette for flotte opplevingar ved og på havet! Bu i moderne leilegheiter i Stavang med sjøen og flotte fiskeområder som næraste nabo.

Hos Fjord Tourist ligg alt til rette for flotte opplevingar ved og på havet - gjennom heile året! Her kan du bu i moderne leilegheiter i velbevarte sjøhus ved fjorden i Stavang.


MODERNE RORBULEILEGHEITER

Fjord Tourist tilbyr to ulike typar rorbuleilegheiter:
​​Rorbu i 1. etasje: Har eit stort soverom, separat kjøkken, stove med TV, bad med dusj og balkong med havutsikt.
Rorbu i 2. etasje: Velutstyrt rorbu med kjøkken, stove, badstue, stort bad med dusj, balkong med havutsikt, trådlaust internett og TV. Det er plass til at 4 menneske kan overnatte i denne rorbua.

 

BÅTLEIGE OG FISKE

Like utanfor rorbua ligg båtar som du kan leige. Her finn du også filleteringsbord med overbygg, lys og vatn. Fjord Tourist i Stavang ligg nært fjorden, storhavet og gode fiskeelvar – så her kan du fiske akkurat slik du ønskjer.

Du kan velje mellom tre båtar:
Båt nr. 1 er ein 17-fots Hansvik med 25 HK, kartplotter, GPS og ekkolodd.
Båt nr. 2 og 3 er 19-fots Hobby 555 med 50 HK, kartplotter, GPS, ekkolodd og 8 stanghaldarar (nye i 2018).

Regatta-redningsvestar er inkludert når du leiger båt. Spesifiser gjerne kva båt du ønskjer å leige når du bestillar. På førehandsbestilling er det mogleg å leige ei snekke, og ein Goldfish Tender sjøtaxi med guide.

Makrell og sild svømmer rett fordi rorbuleilegheitene og inn i bukta der båtane ligg til kai. 20 meter frå land kan du fiske flyndre på 5 – 20 meters djupne. Stavang er eit utmerka område for å fange steinbit og breiflabb. På hausten i september og oktober kan du lyse etter krabber i Stavang. Månadane januar, februar, mars og april er ypparleg for spennande fiskeopplevingar sidan havet er relativt roleg og Skreien kjem opp frå havet for å reprodusere seg. Det er 30 minutt med båt frå Stavang til toskegytefelt ved Vevring. Det er mogleg å køyre heile vegen til fiskevatn som ligg om lag 2 kilometer unna rorbuleilegheita. Du kan også kjøpe fiskekort og fiske i Svardalselva like i nærleiken.
 

AKTIVITETAR

- Tursti: Det er ein merka tursti til Skålefjellet 964 meter over havet. Turen er lett å gå og passar for dei fleste.

- Det er mange flotte områder for bading i nærleiken.

- Du kan enkelt grille dagens fangst på grillane ved bryggeriet. Her kan du nytte hagemøblane og ein utandørs terrasse med terrassevarmar.  

- Butikk: 150 meter i luftlinje frå rorbuleilegheita finn du den lokale butikken. Her har dei eit godt utval av mat og fiskereiskap. Du kan også kjøpe drivstoff til båtane frå flytebrygga like ved butikken. I Stavang er det også ein fiskereiskapsbutikk der du kjøpe og leige fiskeutstyr på førespurnad.

- Ausevika Helleristningar: Berre 15 minutt unna med bil elle båt ligg Ausevika helleristningsfelt der du kan sjå over 3000 år gamle helleristningar.

- Florø: 20 – 25 minutt unna med båt ligg kystbyen Florø. I Florø kan du handle, besøke sjarmerande kaféar og nyte småbyidyllen. Båten kan ligge til kai ved Florø gjestebrygge midt i Florø sentrum.

- Du kan også besøke dei lokale pubane på Svanøy (5-6 minutt med båt) og Askrova (10 minutt med båt).


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages