Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Valldal

Ruggå

  • Fjørå, Norddal
  • +47 70257767
  •  /  km From You
Overview
Details

Hauge-Ruggå-Hauge

Alt frå starten av turen har ein imponerande fjordutsikt, og frå Ruggå får ein eit godt overblikk over Valldalen.

Ruggå er namnet på den store steinen som ligg på bygdeheia mellom Fjørå og Valldal. Når ein står oppe på steinen, kan ein rugge frå side til side. Steinen er over 3 m3 og har blitt liggande att etter siste istid. Dette er den einaste steinen av slik storleik i dette området.

Turbeskrivelse:
Vi køyrer fylkesvegen frå Valldal til Fjørå, og i den vesle bygda svingar vi oppover mot Selboskar. På Hauge, 400 moh. kan vi parkere på skilta parkeringsplass.
Frå innkøyringa til parkeringa går vi beint opp i tunet ovanfor og fylgjer traktorvegen til venstre mellom husa og løa. Vegen svingar seg oppover den slakke bøen, og der han sluttar, går vi vidare på rås gjennom eit beite. Her kan vere noko myrlendte parti.
Oppe på bygdaheia svingar råsa mot høgre, og det siste stykket går vi langs nokre svaberg i lun furuskog fram til turmålet vårt.

Ved Ruggå har det vore fast bålplass jonsokaftan fram til 1970-talet. I seinare tid har det kome opp ei grindeløe her. Bygget er ein studie i gamle handverkstradisjonar og er innreidd med bord og benker. Turfolk er velkomne inn, og her takkar vi for gjestfriheita ved å rydde etter oss og late dørene godt att når vi går.

Alternativ tilbaketur kan vere å ta til høgre over Ytterlinakkane til Ytterli (2,5 timar) eller ta til venstre til og følgje rås til Nysætra.

(Kjelde: Opptur Geirangerfjorden)


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende
  • Ekspert
  • Middels
Landskap
  • Fjordområde
  • Skogsområde
  • Fjellområde
Årstid
  • Vår
  • Sommer

Utendørsaktiviteter

Fottur
  • Dagsturer (5-11 timer)
  • Merkede turstier

Facts

Effort Level
Easy
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Forest area
Season
Summer
Click to activate
Norddal, Norway
The latitude and longitude
62° 18' 2" N / 7° 18' 52" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad