Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Fjæra

Rullestad Aktiv Fritid

  • Rullestad, Etne
  •  /  km From You
Overview

Rullestad Aktiv Fritid ligg langs E-134 ved Rullestadvatnet inst i Åkrafjorden omkransa av bratte fjell. Campingplassen opna i 2008 og servicebygget med bakeri, butikk og kafè stod ferdig i 2010. Naturen rundt er som skapt for den som set pris på friluftsliv og aktiv fritid. Området har mange fine turløyper og bygda ligg i starten av Haugesund Turistforening sine merka turløyper i indre Etnefjellet. Rullestad er inngangen til Åkrafjorden Landskapspark og ligg tett inntil Folgefonna Nasjonalpark. Ca 2 timar frå Haugesund og 20 minuttar frå skiaktivitetar i Røldal. Bygg og uteområde har universell utforming.
I det særprega servicebygget i grindverksstil finst kjøken, heimebakeri, butikk, kafé med vedfyrt bakaromn og full skjenkerett og toalettanlegg. Middag og bakverk blir laga frå grunnen av med lokale råvarer, tradisjonelle oppskrifter og hjartelag. Kafèen har plass til ca 100 gjester og er open kvar dag i sommarsesongen og i helgene elles i året, og når som helst for grupper på bestilling. Den sentrale – men likevel fredelege – lokaliseringa gjer Rullestad til ein attraktiv stoppeplass på vegen mellom aust og vest, nord og sør.
Overnatting skjer i høgstandard hytter med to soverom (4-6 personar). Hyttene har stove med kjøkkenkrok, dusj/wc/ badstu og overbygd terrasse med utsikt mot Rullestadvatnet. Campingplassen har også tilrettelagd oppstillingsplass for bubil/campingvogn og telt med nytt sanitæranlegg. I Rullestadvatnet som ligg tett inntil hyttene kan ein ro, padle og fiske. I tillegg er det badestrand.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Click to activate
Etne, Norway
The latitude and longitude
59° 52' 33" N / 6° 25' 29" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad