Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Fjæra

Rullestadjuvet og Postvegen

  • Rullestad, Etne
  • 951 02 593
  •  /  km From You
Overview

Rullestadjuvet er eit dramatisk og flott naturområde som er tilgjengeleg både med bil og til fots. Her er bratte fjellsider der enorme jettegryter skjuler seg, elva går i fossar og stryk før landskapet opnar seg med fine gardar nede på flaten ved Rullestadvatnet.
Den gamle europavegen går i trange hårnålsvinger gjennom juvet på eine sida av elva, og er open for biltrafikk (men blir ikkje brøyta). På andre sida går den gamle Postvegen frå 1800-talet som var ferdig restaurert i 2009, og er blitt ein flott og mykje brukt tursti. Målaren Lars Hertervig fann insiprasjon til nokre av sine mest berømte motiv i dette landskapet.
Gamlevegen er skilta som som severdighet. Postvegen er også skilta og startar ved garden Skromme på toppen av gamle E134 gjennom Rullestadjuvet, og endar opp på gardane nede ved Rullestadvatnet. Ca 2 kilometer. (Sjå også Postvegen under Aktivitetar).


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Click to activate
Etne, Norway
The latitude and longitude
59° 54' 39" N / 6° 30' 53" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad