Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Runde

Runde Miljøsenter – Besøkssenter og opplevingar

Book

Aktivitetar og opplevingar for store og små. Lær meir om fuglelivet på Runde, gullskatten og besøk i utstillinga på Runde Miljøsenter.

På Runde Miljøsenter kan du sjå filmar om mektige naturfenomen, kome tett på sjøfuglane i utstillinga og utforske Rundeskatten som vart henta opp frå sjøen i 1972, etter 250 år på sjøbotnen rett utanfor Runde.

Guida omvisning

Bestiller du guida omvising i utstillinga får du bli med på ei innhaldsrik reise. Du får høyre den imponerande historia om forliset av Akerendam i 1725 og gullskatten som vart funnen av dykkarar i 1972. Guiden tek deg også med rundt i utstillinga blant alle sjøfuglane som hekkar på Runde. Veit du kanskje kor mange egg ein lundefugl legg, eller kva den likar best å ete?

Tur

Erfarne og lokalkjente naturveiledarar tek deg med på tur i fjell og fjøre. I hekkesesong tilbys det lundesafari, resten av året kan du mellom anna bli med på fjørevandring, ruskeværstur til Runde Fyr, tur over øya via Trollvogga eller strandrydding i lag med profesjonelle ryddarar.

Kafé og butikk

I kafèen får du kjøpt både mat og drikke, og i vår lille gåvebutikk finn du mange fine produkt. Her tilrettelegges det for små og store arrangement heile året.

For grupper

For grupper tilbys det egne formidlingsopplegg med havet og fuglane i fokus. Me skreddarsyr opplegg for små og store grupper, der du mellom anna kan møte ein forskar og lære kva dei jobbar med, eller du kan sjølv være med og utforske det øya og området har å by på. Øya er den perfekte plass å legge ei samling for deg som ønsker å tilbringe tid i rolege og inspirerande omgivelsar.

Last updated: 03/05/2024

Source: Ålesund & Sunnmøre

Runde Miljøsenter – Besøkssenter og opplevingar

Book

Sider du nylig har besøkt