Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Runde

Runde Miljøsenter: Forskningsstasjon, besøkssenter og kurs-/konferansesenter

  • Runde Miljøsenter AS, Rundavegen 237, Herøy
  • +47 70080800
  •  /  km From You
Overview
Details
Meeting Facilities

Runde Miljøsenter er ein internasjonal miljøforskingsstasjon, eit formidlingssenter og ein møteplass for kurs, seminar og konferansar. Senteret ligg på øya med det sørlegaste fuglefjellet i Noreg, og er velegna for alle som ynskjer middagar, kurs, seminar og konferansar kombinert med eineståaende naturopplevingar og påfyll av ny miljøkunnskap.


Dei fleste kombinerer arrangementa på Runde Miljøsenter med fuglekiking frå båt, fisketur eller vandring opp på fuglefjellet.


Dei flotte overnattingsfasilitetane er tilgjengelege for alle, og held ope heile året. Utstilling og kafe held ope dagleg i sommarsesongen, og til annonserte arrangement resten av året. Arrangement for grupper kan bestillast året rundt.


Kurs, konferansar og møter:


Senteret har moderne fasilitetar og er ein spektakulær stad for dei som vil kombinere møteaktivitetar med eineståande naturopplevingar, mentalt påfyll og ny kunnskap om miljøet.

Runde Miljøsenter har eit auditorium som rommar 60-100 personar, eit møterom som rommar 14 personar, og eit selskapslokale i to plan tilknytta restauranten. Vidare finnast det åtte leilegheiter som kvar tek inntil fem personar. Senteret har også ei utstillingsavdeling der ein mellom anna kan sjå Rundeskatten, ein gullskatt som vart funne her av dykkarar i 1972.

Vi tilbyr servering av både enkle rettar og finare festmiddagar.


Miljøsenteret på fugleøya Runde tilbyr ulike formidlingsopplegg basert på spennande forskingsarbeid om berekraftig utvikling, ressursutnytting frå havet (mat og energi) og teknologisk innovasjon innan miljøbygg. Runde Miljøsenter er et forbildeprosjekt for Enova. 

Miljøsenteret har eit internasjonalt forskingsmiljø, og dette gir gjestane sjansen til å få ny miljøkunnskap og til å samtale med engasjerte miljøforskarar. Pauseinnslaget under konferansen kan vere å nyte synet av hundretusen av sjøfugl og lyden av storhavet rett utafor. 


Besøkssenter:


Utstillinga og kafeen ved Runde Miljøsenter held open dagleg i sommarsesongen og under annonserte arrangement gjennom året. Ellers er det ope for grupper (min. 20 personar) etter avtale. Eit besøk i utstillinga kan og kombinerast med føredrag om ulike tema som senteret har kompetanse på.

Charterbåt:


Runde Miljøsenter sin eigen charterbåt "Lophelia" (35 fot/35 knop) tek inntil 12 passasjerar.

På bestilling hentar og bringer vi besøkande frå Ålesund Lufhavn Vigra og Ålesund sentrum. Begge turane tek om lag 45 minutt. (NB: Ved henting på flyplassen legg til ved Valderøy hurtigbåtkai som ein når med buss frå flyplassen.)

"Lophelia" tilbyr også guida turar til fuglefjellet på Runde. Ein tur rundt øya gir ei fantastisk oppleving av livet i fuglefjellet. På dagtid er dette den absolutt beste måten å sjå lundefuglen på. Av andre artar ein ofte ser kan nemnast havørn, storjo, toppskarv, krykkje, lomvi, havhest og steinkobb. Ein passerer også staden der Rundeskatten vart funnen av dykkarar i 1972. Turen gjer seg godt både åleine og i kombinasjon med transport til/frå øya.

"Lophelia" er også tilgjengeleg for ulike oppdrag i samband med kurs og konferansar.

Alle båtturar må avtalast på førehand, og skjer med atterhald om veret.


  • Last Updated:
  • Source: Geirangerfjord - Ålesund & Sunnmøre

Generelt

Tilgjengelighet
  • Handikapptoalett
Landskap
  • Fjordområde
Årstid
  • Hele året

Overnatting

Leiligheter
  • Antall soverom: 16
Hotellfasiliteter
  • Konferansefaciliteter
  • Familievennlig
  • Gratis parkering

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Strand
  • Fuglesafari
  • Båt er tilgjengelig
  • Båtturer
  • Kultursti
  • Dyphavsfiske
  • Fiske i fjorden
  • Guidede turer
  • Guiding
  • Vandring
  • Jakt og fiske
  • Natursti
  • Rotur
  • Safari
  • Havfiskeri
  • Selsafari
  • Vannsport
Sykling
  • Sykling
Fisking
  • Dyphavsfiske
Dyreliv og safari
  • Fugletitting
  • Selsafari

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering - gratis
Tjenester
  • Familievennlig
  • WiFi

Taste Norway

Lokalmat
  • Norsk mat

Aktiviteter

Fornøyelsesparker
  • Familievennlig
Facility Info
  • Theatre Capacity 160
  • AV-utstyr true
  • Bankett true
  • Storskjerm true
  • Bredbåndstilkobling true
  • Konferansepersonale true
  • DVD true
  • Møtelokaler true
  • Rask Internett-tilgang - Konferanserom true
  • Maksimal møteromskapasitet 160
  • Antall senger 32
  • Antall gjesterom 8
  • Tilgang til datamaskin true
  • PA-system true
  • Showroom og utstillingslokaler true
  • Reisetid til flyplass 120
  • Projektor true
  • Trådløst Internet true
  • Banquet Capacity 120
  • Sleeping Rooms 16

Facts

Lansdscape
Fjord area
Green Travel
The Runde Miljøsenter: Forskningsstasjon, besøkssenter og kurs-/konferansesenter has obtained certification for their environmental efforts by:
Environmental certification of private and public enterprises, also tourism.
Click to activate
Herøy, Norway
The latitude and longitude
62° 24' 4" N / 5° 38' 35" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad