Runde

Runde Turistinformasjon

  • Lundefugl på  fuglefjellet på Runde
  • Runde Miljøsenter
  • fuglefjellet på Runde
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 70080800

  • Rundavegen 237

    Herøy (møre og romsdal), Møre og Romsdal

    Vis i kart

Få gode tips til opplevingar, fugleliv og turar på Runde – turistinformasjonen finn du hjå Opplev Runde.

Turistinformasjon midt i opplevinga

Runde Turistinformasjon finn du hjå Opplev Runde, sentralt plassert ved foten av fjellet og med kort veg til både fuglefjellet og kyststiane. Her møter du lokalkjende vertskap som gjerne deler sine beste tips til opplevingar på øya og i regionen rundt. Turistinformasjonen følgjer opningstidene til Opplev Runde.

Lokalkunnskap og gode råd

Enten du vil vite kor du finn den beste utsikta over havet, kva tid lundefuglane er mest aktive, eller kor lang tid det tek å gå til Runde fyr – her får du hjelp. Du kan òg få informasjon om båtturar, vandreruter, overnatting, serveringsstadar og andre attraksjonar i området.

Startpunkt for opplevingar

Runde Turistinformasjon er eit godt startpunkt for opphaldet ditt på øya. Kombiner besøket med ein tur i utstillinga til Opplev Runde, ein matbit i kaféen eller ein kort rusletur i fjøra. Her får du både inspirasjon, praktisk hjelp og ei lun velkomst til ei av dei mest spektakulære naturperlene på Sunnmøre.

    Kilde: Ålesund & Sunnmøre