Rundtur i Myklestadskogen på Tysnes




Ein flott rundtur i Myklestadskogen. Undervegs kan du ta av ned til ein badeplass i Kjevika.
Avkjørsel ved tunellen på Uggdal.
Høgdeskilnad0 - 48 moh.
Estimert tid1 time.
Avstand3,5 km. rundtur.
TurkartTysnes 1:50 000
TuromtaleMyklestadskogen, Tysnes. Rundløype frå parkering på Heningen i Uggdal. Turen er gradert som grøn løype og tek om lag ein time.
Høgdeskilnad0-48 moh.
TuromtaleFølg skogsvegen til Hallgjerdsvika, passer hyttefeltet og ta skogsvegen bratt opp mot høgre. Her kan du eventuelt ta ein avstikker rett fram, ned til badeplassen og friluftsområdet i Kjevika. Følg stien til høgre inn i skogen. Etterkvart skimter du og passerer Ullstjødno. Stien går vidare over bekken og opp ein kneik. Du kjem til eit stikryss med ein benk. Ta til høgre, og følg stien til du kjem til skogsvegen som du fylgjer sørover langs Kyrkjevatnet, til Heningen.
- Lett
- Hele året
- Brevandring
Kilde: Region Sunnhordland
Rundtur i Myklestadskogen på Tysnes