Rundtur i Skånevik via bøkeskogen og postvegbrua





Lettgått og variert rundtur i kulturlandskapet sør for Skånevik, med vakker utsikt utover fjorden og mot Kvinnheradsfjella.
Skånevik.
Etne 1:50.000.
Ved minnebautaen i hotellparken.
Parkering
Offentlege P-plassar på kaiområdet og ved Helsesenteret.
Infotavler, retningspiler, natursti i bøkeskogen.
Grøn. Lett fottur.
100 m.
Tidsbruk
45 minutt - 1 time (3 km)
Stort sett tur på private grusvegar. Ver vennleg å ta omsyn til landbruk og ev. beitedyr. Turen kan utvidast etter behov, t.d. ved å gå innom bøkeskogen (delvis på skogsti) eller halde fram på postvegen vestover nedanfor Tjedla gard og ta hovudvegen tilbake til sentrum. Sistnemnte om lag doblar lengda på turen.
I alt er dette ein lettgått og variert rundtur i kulturlandskapet sør for Skånevik, med vakker utsikt utover fjorden og mot Kvinnheradsfjella. Den kjende kunstmålaren Lars Hertervig (1830-1902) let seg inspirere av den same utsikta då han målte i Skånevik på 1850-talet. Kopiar av måleria er utstilt på fjordhotellet, inkl. motivet frå Rullestadjuvet i Åkrafjorden.
Turen startar oppover forbi Skånevik skule. Etter 350 m, ved gardsdammen på Milja, tek ein til venstre, kryssar elva og tek så til høgreettersagbruket. 600 m lenger opp kjem ein til bøkeskogen. Her kan ein gå ein kort ekstrasløyfe i naturstien, som har infotavler om skog og økologi etc. Hovudturen går rett fram til enden på grusvegen, der ein tek til høgre på skogsveg til postvegbrua 100 m lenger framme. Kryss brua og gå den gamle postvegen vestover forbi Tjedla gard. Dersom ein ikkje ønskjer ekstraturen vidare mot vest i postvegen, held ein fram rett nedover tilbake til sentrum via Dørfabrikken og Milje gard.
- Hele året
Kilde: Region Sunnhordland
Rundtur i Skånevik via bøkeskogen og postvegbrua