Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Stord

Rundtur Leirvik - Fjellgardane (20 km)

  •  /  km From You
Overview

Leirvik – Hystadmarkjo – Fjellgardane – Ådlandsvatnet

Ein fin dagstur gjennom flotte naturområde og koselege byggjefelt.

Underlag: Asfalt/grussti Vanskegrad: Middels Lengde: 20 km
Tid: 2 ½ time Maks. høgde: 160 m.

Start i Leirvik sentrum/ved Kulturhuset, sykle gjennom sentrum, opp Torggata og vidare oppover Borggata. For å besøkje Sunnhordland Museum kan du no ta av til venstre inn i Skrivarvegen og så første til høgre. Opp bakken finn du Sunnhordlandstunet, eit tun med elleve gamle hus, fornalderutstilling, kafé i helgane og mykje meir.
Så fortsett du til venstre på Skrivarvegen, forbi Kyrkja og oppover Hystadvegen. Etter 2,3 km er det mogleg å ta til høgre og inn på Valevegen(30-sone). Dette er ein smalare veg med lite trafikk og fin utsikt mot sjøen. Alternativt kan ein følgje Hystadvegen vidare.
Etter 3 km kjem ein til verksemda Apply. Her fortsetter du vidare opp til venstre langs Storhaugvegen. Vidare 0,7 km kjem du til eit gangfelt der du tek til høgre inn på ein grusplass. Her byrjar vegen gjennom Hystadmarkjo, det største området med svartorskog i Nord Europa. Benkar og toalett. Du må trille sykkelen gjennom den om lag 2 km lange løypa, men det er verdt turen. I enden av Hystadmarkjo kjem ein til ei stor båthamn. Sykle langs hamna og føl Sjoarvegen opp att til Hystadvegen, der du tek til høgre. Etter tilsaman 7,3 km er det mogleg å ta ein avstikkar inn til venstre til Stord Golfpark. Her er det ein fin grusveg rundt golfområdet. Når du har sykla 7,7 km kjem du til Rommetveit skiltet. Ta av til høgre forbi Samhaldet og opp ein smal lokal veg(Krokane). Her syklar du gjennom eit lite, idyllisk kulturlandskap. Etter 0,8 km er du nede på Klingenbergvegen. Dersom du tek til høgre kjem du ned til Breidvik, ei lita badestrand med brygge, bord og benkar. Sykle tilbake opp Klingenbergvegen, forbi HSH og ut på Rommetveitvegen.
Når du har sykla om lag 11 km kjem du til E39. Her kryssar du vegen og syklar opp Fjellgardsvegen. Etter 4,8 km kjem du til Saneset. Like før E39 tek du av til høgre ned på ein liten grusplass, og følgjer ein smal grusveg langs Ådlandsvatnet. Etter knapt 1 km kjem du til stranda ved Ådlandsvatnet. Her er det fint å bade, og det finns bord og benkar. Når du har sykla 0,5 km til kjem du til eit kryss under Ådlandsbrua. Her syklar du rett fram mot Krækjen Oppdrettsanlegg og opp bakken til venstre. Du kjem då ut på Ådlandsvegen som du følgjer ned att mot Stord Kyrkje. Føl så Hystadvegen til høgre og vidare tilbake til Leirvik sentrum.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
Click to activate
Stord, Norway
The latitude and longitude
59° 46' 37" N / 5° 29' 43" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad