Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Uggdal

Rundtur Tysnes (43 km)

  • Rådhuset, Tysnes
  •  /  km From You
Overview
Details

Turen går Våge – Uggdal – Onarheim – Lundegrend – Våge. (43,5km.)


Dette er ein interessant sykkeltur gjennom svært variert naturlandskap som startar i kystlandsbyen Våge. Ein syklar gjennom ubebygd strøk, over blømande enger og gardstun og gjennom skogkledte områder. Store delar av turen går langs Hardangerfjorden med utsikt til Kvinnheradsfjella og med Folgefonna i bakgrunnen. Utsikta er framifrå heile vegen, og det som gjer denne ruta spesiell er mangfaldet og variasjonen ettersom ein syklar både vestsida, austsida, nordsida og på tvers av øya. Ein får med seg både fjord og fjell, kyst og innland. Ein kryssar gardstun med beitemark og blømande enger. Det vesle av trafikk ein støyter på er for det meste ein og annan traktor som har med seg velduftande, nyslått gras på ein hengar. Ein passerer vassdrag og fossefall, båthamner og tjærebeisa bygningar i solsteiken. Her vert samtlege sansar stimulert medan ein tek inn over seg kor fint det kan vera å sykla  bortimot heilt åleine mellom fjord og ruvande fjelltoppar.


Ruta har ei totallengd på 43,54 kilometer og ei total høgdestigning på 685 meter. Turen sitt høgste punkt er på 166 moh. Det kjem ein til etter 14 km.


Start ved fergekaien i Våge. Etter ca 350 meter, ta til høgre i rundkjøringa på riksveg 49 mot Hodnanes og Stord. Etter 4,8 km, etter ein har passert Uggdal kyrkje og like før rådhuset i Uggdal, kjem ein til skilting mot Onarheim. Ta til venstre, austover mot Onarheim (13km). Ein fylgjer då Uggdalsdalen tvers over Tysnesøya.


Ved passering 8 kilometer kjem ein til den gamle ferdslevegen i Uggdalsdalen som er eit freda kulturminne der det finst mange spor etter menneske som levde her i førhistorisk tid. Den gamle ferdslevegen gjekk mellom Uggdal og Onarheim, og mange stadar er  han enno synleg. Informasjonstavle står ved innfallsporten til ferdslevegen.


Inst i Uggdalsdalen startar ein på ei stigning til ein kjem til høgste punkt langs løypa ved avkjørsla til Singelstad.  Ein er då på 166 moh. Denne motbakken utgjer ei stigning på 90 høgdemeter fordelt på ei distanse på 3,27 kilometer.


Når ein passerer 15,6 km ved Onarheimsvassdraget kjem ein til ein rasteplass med lavvo der det er veldig fint å ta ein stans.Etter 17,8 km kjem ein til Onarheim kyrkje der det er skilta nordover mot Lunde (16 km). Ein tek då til venstre og fylgjer vegen nordover mot Lunde i dette krysset.


Etter 24 km kjem ein til Årbakka. Her er ein landhandel der ein kan få fylt på vassflaska og få kjøpt litt mat og drikke. Ein kan her ta ein avstikkar ned til sjøen og sjå gamle Årbakka handelsstad og Årbakkavollen, eit fornminne frå eldre jernalder med bautasteinar og restar etter gravrøysar. Like etter, ved 25,5 km kjem ein til badestranda Klubbavikja / Ølfarnes der ein òg kan leggja inn ein liten stans eller ein avstikkar ned til stranda. Dette er ei av Tysnes sine flottaste strender med utsikt mot Melderskin, Folgefonna og Hardangerfjorden.


Etter 26,7 kilometer kjem ein til Hovland og eit vegkryss der ein svingar til venstre, vestover skilta mot Lunde. Her startar òg turen si hardaste stigning opp mot Skaret. Stigninga er på 142 høgdemeter på ei distanse på 2,16 kilometer. Vel framme ved Skaret  etter 27,8 kilometer kjem ein til ein rasteplass der det høver seg godt å ta ein pust i bakken etter den harde stigninga. Her kjem fossane rennande ned frå fjellheimen og ein er ved startpunktet for fotturen til Hovlandsnuten. Etter 33 kilometer kjem ein til eit vegkryss der ein tek til venstre og fylgjer riksveg 49 vestover mot Lundegrend og Våge. Det gjenstår herifrå 10 kilometer til Våge. Nokre hundre meter etter krysset kjem ein til Lundegrend og ein daglegvare der ein kan fylla vassflaska og få kjøpt mat og drikke.


Ved passering 43 kilometer er ein attende i rundkøyringa i Våge og ein tek til høgre i denne for å returnera til kaien og fullenda rundturen.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Middels
Click to activate
Tysnes, Norway
The latitude and longitude
60° 2' 38" N / 5° 31' 24" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad