Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sogndal

Runesteinen frå 1100, Sogndal

Runesteinen, Sogndal

Ved sida av Stedje kyrkje står ein 1,89 meter høg og 0,39 meter brei runestein. Steinen er truleg sett opp ein gong i mellomalderen kring 1100- talet.

På steinen er det hogge inn ei innskrift i runer. Innskrifta er tyda til: Kong Olav skaut mellom desse steinane. Det har vore spekulert mykje på innhaldet i inskripsjonen. Kven var denne kong Olav, når - og kvifor skaut han? Og kvar vart det av den andre steinen?

Runologane meiner at innskrifta er frå omkring 1100. Dette kan passe med Olav Kyrre (konge 1066-93). Andre har meint at det må vere Olav Trygvason (konge 995-1000 ). Snorre skreiv at han var den største idrottsmann i Norig i alle ting. Likevel er det lite rimeleg at det kan vere han det er skrive om. Han var konge i berre fem år og det står ikkje noko i soga om at han vitja bygder i Sogn i styringstida si. Inskripsjonen kan og vere ei overlevering som gjeld ein annan konge, t.d. Olav Haraldsson, den heilage (konge 1015-1030). Han var den mest vidgjetne av dei gamle norske kongane, og den det er flest segner om.

Kilde: Visit Sognefjord AS

Runesteinen frå 1100, Sogndal

Sider du nylig har besøkt