Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sognefjorden Luster

Rupheim-Skogo-Skoganipa

  • +47 57671400
  •  /  km From You
Overview

Turkart: Sogndal - Leikanger

Fjellområdet nord for Hafslovatnet har mange fine turar å by på, både om sommaren og - ikkje minst om vinteren. Vi har valt å nemne ein av dei finaste, nemleg turen til Skoganipa, 1255 meter over havet.

Utgangspunktet er bomvegen ved Rupheim, der du kan parkere langs vegen. Her går det lastebilar forbi, så bilen må ikkje hindre trafikken i å passere. Vidare går det privat traktorveg fram til stølane Fossen og Skogo. Frå Skogo kan du passere Skoganipa på sørsida og seinare svinge nordvestover fram til sjølve toppen. Alternativt kan du halde fram vest for toppen til stølen Hongi og kome opp på Skoganipa frå nordsida.

Dette er ein stølstur som høver for heile familien. Vegen er svært god og stigninga er moderat. Attende frå Skoganipa kan du gå same vegen som opp, eller eventuelt utover Grøndalseggi, 984 meter over havet, og kome ned på vegen ved Bersetno.


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS

Facts

Duration
5 timer
Click to activate
Luster, Norway
The latitude and longitude
61° 19' 6" N / 7° 11' 13" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad