Rusletur ved Etnesjøen


Koseleg rusletur i Etne sentrum, ved Etnesjøen. Tilgjengeleg for rørslehemma.
Etnesjøen (Etne sentrum)
KartTurkart: Etne- Saudafjella 1:100 000 Norgesserien: Etne 1:50 000
Start- og sluttpunktFor eksempel Etne frivilligsentral (Etne bustadskiping), Holmavegen 7-11.
ParkeringVed startpunkt, eller anna parkering i sentrum.
MerkingVegnamnskilt.
GraderingGrøn. Lett. Rullestol.
Lengde2,5 km
Høgdeforskjell5 – 10 moh.
Tidsbruk0,5 t
TuromtaleStart ved Etne Frivilligsentral (Etne Bustadskiping), Holmavegen 7-11. Følg Holmavegen mot Etne omsorgssenter, og gå rundt det nye omsorgssenteret. Gå langs elva mot venstre, og ta til venstre på grus-sti etter Enge skule, gjennom Birkenesbøen (bustadfelt) og vidare til Strondavegen (Fylkesveg 34). Ta Strondavegen t.h., deretter Stadionvegen t.v. mellom Etne kyrkje og Røde Kors-huset, til Tongane (veg). Kryss Tongane (veg) og gå til venstre på vegskulder og fortau opp til Strondavegen og E-134. Kryss Strondavegen på gangfelt, og gå Strondavegen t.v. Ta til høgre før Enge skule, på veg til P-plass for skulen. Gå ein runde gjennom Gjerdsrabbane burettslag og tilbake til utgangspunktet.
Alternativ: Frå Tongane t.h mot kaien, opp Sjoargata eller over Torget til Haukelivegen (E-134). Haukelivegen (t.v.) til Strondavegen.
- Lett
- Hele året
- Korte vandreturer (1-4 timer)
Kilde: Region Sunnhordland
Rusletur ved Etnesjøen