Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Fjell

Russarsstegen

  • Fjell Sentrum, Fjell
  • +47 56320200
  •  /  km From You
Overview

Turen startar ved Fjell kyrkje og går via Gjerdet kulturminnegard. Garden husa tysk kommando og soldatar under krigen. Herfrå kan du følgja stien som russarfangane gjekk kvar dag til fangearbeid på Fjell festning. Vel oppe kan du stiga ned i fjellet og oppleva eit av dei største festningsverka i Nord-Europa. Turen Fjell gard - Russarstegen - Fjell festning er ca. 1 km, og tar ca. 30 minutt.

Turen er godt tilrettelagd og er innom fleire attraksjonar i Fjell, før han endar opp i eit av dei mest spanande kulturminna i regionen - Fjell festning.

Kulturminneløypa startar ved Fjell kyrkje i bygda Fjell. Kyrkja er frå 1873 – 1874, men Fjell gard har etter alt å døma vore kyrkjestad gjennom 700 år. Frå Fjell kyrkje går ein ca 600 meter langs vegen sørover til Gjerdet kulturminnegard. Gjerdet kulturminnegard er eit gardsbruk frå 1800-talet. Våningshuset og løa er frå 1914, og etter restaurering skal garden få attende sin opphavlege utsjånad. Kultur-minnegarden skal etter kvart framstå som ein møteplass for mat, design og handverkstradisjonar i området.

Over garden og vidare opp fjellsida går Russarstegen som vart bygd av russiske krigsfangar under andre verdskrigen. Russarane hadde tilhald i ein fangeleir kalla Sjubotn sør for Gjerdet. Arbeidsvegen deira gjekk kvar dag derfrå, via kulturminnegarden og opp Russarstegen. Russarstegen går opp ei skogkledd og forholdsvis bratt fjellside, med innlagde trappetrinn på dei brattaste partia. Ved sida av stien var det i krigsåra ei taubane til frakt av tyngre gods opp til festninga. Bana er vekke i dag, men ho er godt dokumentert gjennom foto. Russarstegen var bindeleddet mellom Fjell-bygda og det tyske forsvarsverket oppe på fjellet under okkupasjonsåra.

Då den tyske okkupasjonsmakta planla Fjell festning i 1942, var føremålet å sikra innseglinga til Bergen. På toppen av Fjedlafjellet bygde dei eit av dei største forsvarsverka i Nord-Europa. Her vart det mellom anna montert ein trippelkanon med rekkevidde på 37 km. Hovudarbeidskrafta var russiske krigsfangar. Inne i anlegget var det kjøkken, sanitæranlegg og lugarar med sengeplass til over 400 mann. Arbeidet med festninga pågjekk heilt fram til kapitulasjonen i 1945.

I dag er Fjell festning freda som militært kulturminne og gjort til museum under Museum Vest. Museet er ope for omvisningar laurdagar og sundagar i sommar-sesongen. I tillegg til museumsdrifta er anlegget og områda rundt nytta til kunst-utstillingar, konsertar med meir. ”Kanontårnet”, glaspaviljongen over kanonbrønnen, er mykje brukt til møte og mindre samlingar. Heile kulturminneløypa, frå kultur-landskapet i Fjell-bygda, turen opp fjellsida og området oppe på fjellplatået er ei fantastisk oppleving heile året.

For fleire turar sjå www.sotraoygard.org


  • Last Updated:
  • Source: Bergen Reiselivslag
Click to activate
Fjell, Norway
The latitude and longitude
60° 19' 50" N / 5° 4' 38" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad