Skip to main content
Unknown Component
civid: 585abc7cf7d87a7717a647b8
name: plugins_common_social_share (widget)

Valle

Rygnestad museum

Rygnestad museum er eit av dei mest særprega museumsanlegga i landet.

Museet ligg i vakre omgjevnader på den fredelege garden Rygnestad, omlag 9 km nord for Valle sentrum. Det autentiske tunet omfattar m.a. hus og gjenstandar etter segnhelten Åsmund Torleivsson Rygnestad (ca. 1538 - ca. 1595), eller Vonde-Åsmund som han vart kalla.

Særleg kjent er det såkalla Rygnestadloftet. Der kan du sjå dei eineståande og sjeldne tekstilbonadene – måleri som er måla på vevd tøy - frå 1500- talet. Desse har vore på garden i snart 400 år. Tømmeret i dette loftet har enorme dimensjonar. Byggjemåten til Trihågeloftet er heilt spesiell med tre etasjar, noko som var svært uvanleg. Det var fem slike loft i Valle, men berre det på Rygnestad står att der det vart bygd.
 

Last updated: 03/26/2024

Source: Setesdal

Rygnestad museum

Sider du nylig har besøkt