Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Sandane

Ryssdalshornet

Ryssdalshornet er eit velbrukt fotomotiv og er ein av dei mest populære turane på Sandane.

Det er lett å finne vegen opp til Ryssdalsstøylen og stien vidare. Nokre plassar må det klyvast litt, og på eitt punkt er det hengt fram eit tau som kan gi drahjelp opp ei bratt kneik.

På toppen er der kjempefin utsikt over Gloppen både til Sandane og Breim.
Ruta følgjer fyrst den bratte traktorvegen opp til Ryssdalsstøylen. Rett etter støylen er der skilta til drikkevatn, her er siste plass å fylle opp flasker.

Frå støylen er det eit skilt som viser vegen til toppen. Råsa går i nordaustleg retning opp ei bratt li. No er der stål-trapper i eit parti. Trappene kan være utfordrande for hunder.

Etter kvart kjem ein opp på ryggen og følgjer denne søraustover mot toppen.

Ryssdalshornet har på ein måte to toppar, og det er den lågaste (1160moh) som er merka. Er ein først komen opp kan ein også ta med seg høgste toppen på 1201moh.

Turen startar på ca 100 moh, så det er ein bratt, men fin tur.

Turen tar ca 4 timar t/r.

Last updated: 10/11/2023

Source: Nordfjord

Ryssdalshornet

Sider du nylig har besøkt