Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Rysstad

Rysstad Turpark

  • +47 37937529
  •  /  km From You
Overview

Rysstad Turpark ligg like sør for Rysstad sentrum. Skilta avkøyrsle frå Rv. 9. Frå parkeringsplassen går stien oppover «Baklian». Undervegs passerer du eit gamalt kvernhus. Fleire stader finn du benkar som høver godt til ein pust i bakken. På toppen har du utsyn over Rysstad. Stien fortsett nordover, og du kjem ut på ein skogsveg. Følg skiltinga, så kjem du tilbake til parkeringsplassen.

Rysstad turpark er eit nytt namn på eit område med eldgamle tradisjonar. Tømmer- og vedhogst med enkle reiskap, maling av korn (bygg) på fossekvern og frodige beite er noko av det du ville ha opplevd hadde du kome for 50 år sidan.

Brua i starten av turparken, kalla dei Nautebrua; brua som nauta - dyra måtte over for å kome til beita lenger sør. I dag er det ingen som gjæter her, men dei vegane du finn i Rysstad turpark er laga av dyra. Treffer du eldre folk på Rysstad vil dei kunne fortelje deg om livet i skogen den tid dette var mulen og skogsarbeidaren sitt kulturlandskap. No er det lenge sidan dei siste kyrne beitte her, og dei saftige beita er dels tilgrodde, dels overletne til elg rådyr, hare og andre dyr.

I området finn du og traktor- og skogsbilvegar. På dei kan du kome raskt frå den eine til den andre staden, samstundes som dei er ei god hjelp for deg som ikkje er så lett til beins. Det er ein fin tur å køyre til toppen og gå turløypene ned att. Elva som larmar, heiter Kvinnåne; elva der det stod kvern. Frå gamalt var det fire kvernhus. Berre eit står att. Tak ei kikk på kverna når du går forbi!
Ei gamal soge om kvernhusa er litt morosam. Etter den "snakka" kvernsteinane når kornet vart malt.

Den fyrste sa "Her skal ingen male"!
Den andre sa " Den som vil male, må betale"!
Den tredje " Male den som vil"!
Den fjerde "Kleint i stell"!

Det er vel å tru at utsegnene fortel meir om eigarane enn om sjølve kverna. Mykje av livet i skogen er borte. Vi håper likevel du opplever noko av den spesielle stemninga eit naturområde som Rysstad turpark har å by. Vi kan love eit rikt dyre- og fugleliv for den som trør forsiktig, og ei herleg utsikt over Rysstad for den som når toppen.
Med jamne mellomrom er det sett opp benkar å kvile på. Dessutan, men ikkje minst: Oppetter Kvinåne finst fleire gode kulpar å bade i og for den som søkjer fred og ro er det mange usjenerte stader å gå til. Midt i blinken for familieturar.
Turen tek omlag 2 timar. Det er greie stiar, men noko kupert.
GOD TUR!


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal

Facts

Effort Level
Easy
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Forest area
Season
Autumn
Click to activate
Valle, Norway
The latitude and longitude
59° 5' 36" N / 7° 32' 9" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad