Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Sveio

Ryvarden Kulturfyr

Ryvarden Kulturfyr
Ryvarden Kulturfyr
Ryvarden Kulturfyr
Ryvarden Kulturfyr
Ryvarden Kulturfyr
Ryvarden Kulturfyr
Ryvarden Kulturfyr
Ryvarden Kulturfyr
Ryvarden Kulturfyr

Å besøkja Ryvarden utan å kjenna at kreftene i naturen påverkar kropp og sjel er umogeleg.

Ryvardsneset strekkjer seg ut i havet, som for å bera deg lengst mogeleg ut til den sterke opplevinga av møte mellom hav og himmel.

På Ryvarden finn du bl.a. Galleri Ryvarden, kafé, kunstatelier og fyrmeisterbustad som du nå kan leige for overnatting. Galleri og kafé er ope alle søn- og helligdagar frå mars til november kl. 11.00-16.00 (unnateke 17. mai) med utvida opningstider om sommaren.

Frå 25. mai er det også ope i kafé og galleri laurdagar kl 12-16.

Du kan og leige selskapslokaler her.

Frå Mølstrevåg er det 2 km å gå på god grusveg. Vidt utsyn over Nordsjøen, Sletta, Bømlafjorden og til øyane vest i havet.

Til minne om dei 16 omkomne etter Sleipnerforliset i 1999, som skjedde like i nærleiken, er det reist eit minnesmerke.

Telefonnummer: I galleriet si opningstid: 469 06 043 Utanom opningstida: +47 53 74 80 00 eller +47 456 12 450

Kilde: Destinasjon Haugesund & Haugalandet

Ryvarden Kulturfyr

Sider du nylig har besøkt