Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Florø

Sørstrand Folkepark

Sørstrand Folkepark er eit friluftsområde som ligg to kilometer frå Florø sentrum, rett i austenden av flyplassen.

Sørstrand Folkepark er eit vakkert friluftsområde der du kan nyte flotte sommardagar ved stranda, gå turar på den flotte grusbelagte stien og få haust- og vinterstemning i gapahuken.

Kvar er Sørstrand Folkepark?

Sørstrand Folkepark ligg to kilometer frå Florø sentrum, rett i austenden av flyplassen. Frå parkeringsplassen er det omlag ein kilometer ut til den ytterste holmen, Flatholmen. Det er laga til fleire stiar dei siste åra og det er satt ut benkar fleire stadar.

Nærast rullebana finn du gapahuk og grillhytte. Grillhytta er låst men kan opnast etter avtale. Herifrå startar ein av stiane.

Aktivitetar på Sørstrand

Den flotte stranda på Sørstrand er det mest populære badeområdet i Florø. Her er eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir óg nytta til rekreasjon ellers i året. Det er bygd bruer ut til dei to holmane sør for stranda så her er plass til alle. Området er tilrettelagt med bord og benkar der ein kan slappe av. Her finn du også eit servicehus. Ein kan gå rundt Flatholmen for å finne seg ein stad der ein kan sitje åleine og nyte utsikta eller ta turen på ein av dei nye stiane. Her er det også volleyballbane og grillar. 

Området er tilrettelagt for rullestolbrukarar.  

Last updated: 03/26/2024

Source: Visit FjordKysten

Sørstrand Folkepark

Sider du nylig har besøkt