VIKTIG! Les denne informasjonen om Koronaviruset og reising i Norge
close
Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Fjord Norway Vestland KINN

Sørstrand Folkepark

  • +47 92045505
  •  /  km From You
Overview

Sørstrand Folkepark er eit friluftsområde som ligg to kilometer frå Florø sentrum, rett i austenden av flyplassen. Frå parkeringsplassen er det omlag ein kilometer ut til den ytterste holmen, Flatholmen.

Sørstrand Folkepark er eit friluftsområde som ligg to kilometer frå Florø sentrum, rett i austenden av flyplassen. Frå parkeringsplassen er det omlag ein kilometer ut til den ytterste holmen, Flatholmen. Det er laga til fleire stiar dei siste åra og det er satt ut benkar fleire stadar. 

Nærast rullebana finn du gapahuk og grillhytte. Grillhytta er låst men kan opnast etter avtale. Herifrå startar ein av stiane. 

Den flotte stranda på Sørstrand er det mest populære badeområdet i Florø. Her er eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir óg nytta til rekreasjon ellers i året. Det er bygd bruer ut til dei to holmane sør for stranda så her er plass til alle.

Området er tilrettelagt med bord og benkar der ein kan slappe av og det er i 2021 opna eit flunkande nytt servicehus. Ein kan gå rundt Flatholmen for å finne seg ein stad der ein kan sitje åleine og nyte utsikta eller ta turen på ein av dei nye stiane. Her er det også volleyballbane og grillar. Området er tilrettelagt for rullestolbrukarar. 
 

 


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with TripAdvisor
Your Recently Viewed Pages