Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Hovden i Setesdal

Søre Hartevassnuten

  • Hovdetun, Bykle
  • +47 37939370
  •  /  km From You
Overview

Søre Hartevassnuten 1155 m.o.h  
Langs Hartevatn ligg Hartevassnutane, som er fleire markante fjelltoppar. Søre Hartevassnuten er den høgste på 1155 m.o.h. Turen er krevjande med stigning heile vegen opp, og på veg ned på baksida av fjellet er det ei stor steinur som må kryssast. Born og hundar kan ha problem med å krysse denne ura utan hjelp. I tillegg er det bortimot ei  loddrett fjellside mot aust, og har du med born på turen, må dei sjølvsagt passast ekstra godt på.

Den fyrste kilometeren gjeng løypa langsetter bekken og oppover gjennom bjørkeskogen, men etter kvart blir terrenget meir og meir opent, og du kjem til slutt opp på snaufjellet. Frå toppen er det fin utsikt over fjellområda rundt. Turen er merkt som ei rundløype på toppen før returen fylgjer den same stien ned gjennom bjørkeskogen. Turen kan òg kombinerast med Nordre Hartevassnuten, og returen ender då opp i Hartevassnuten hyttefelt.

Startstad: Hegni friluftsområde, 1 km sør for Hovden.


  • Last Updated:
  • Source: Setesdal

Facts

Effort Level
Challenging
Lansdscape
Mountain area
Season
Summer
Green Travel
The Søre Hartevassnuten has obtained certification for their environmental efforts by:
Environmental certification of private and public enterprises, also tourism.
Click to activate
Bykle, Norway
The latitude and longitude
59° 32' 40" N / 7° 23' 17" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad