Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Sørstrand Folkepark

  •  /  km From You
Overview

Sørstrand Folkepark er eit frilluftsområde som ligg to kilometer frå Florø sentrum, rett i austenden av flyplassen. Frå parkeringsplassen er det omlag ein kilometer ut til den ytterste holmen, Flatholmen.

Den flotte stranda på Sørstrand er det mest populære badeområdet i Florø. Her er eit yrande folkeliv dei dagane det er sommar og sol, men staden blir óg nytta til rekreasjon ellers i året. Det er bygd bruer ut til dei to holmane sør for stranda så her er plass til alle.

Området er tilrettelagt med bord og benkar der ein kan slappe av, eller ein kan gå rundt Flatholmen for å finne seg ein stad der ein kan sitje åleine og nyte utsikta. Her er det også volleyballbane og grillar. Området er tilrettelagt for rullestolbrukarar.


  • Last Updated:
  • Source: Visit FjordKysten
Click to activate
Flora, Norway
The latitude and longitude
61° 35' 7" N / 5° 2' 33" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad