Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Luster

N.H.Lerums Saftfabrik AS Handels- og industrumuseum Sørheim, Luster

I 1909 bygde Kari og Nils H. Lerum Safthuset på Sørheim. Her starta dei saftproduksjon i industriell samanheng.

Den første Lerum safta vart kokt ein augustdag i 1907 i den vesle grenda Leri på Sørheim i Luster i Sogn. Kari og Nils Hansson Lerum dreiv landhandel, Bui, og tok imot bær frå bøndene i området. Bæra vart sende vidare med båt til Bergen. Ein dag vart to stampar med bringebær ståande att på kaia, desse vart det laga saft av. Dette vart starten på Lerum eventyret.

Nils hadde drive landhandel i fleire år. To år etter at den første safta vart kokt, vart Safthuset, den første fabrikken opna. I dag framstår både landhandelen og safthuset som museum.

Fabrikken frå 1907 vart restaurert til 90 årsjubileumet til Lerum i 1997 og står fram slik den var opprinneleg. I 2003 opna den restaurerte landhandelen som Nils og Kari Lerum starta i 1905.

Lerumkonsernet er framleis familieeigd. Det er i dag 4. generasjon som er eigarar. Lerum er ein leverandør av syltetøy, saft og jus.

Last updated: 02/29/2024

Source: Visit Sognefjord AS

N.H.Lerums Saftfabrik AS Handels- og industrumuseum Sørheim, Luster

Sider du nylig har besøkt