Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Sagasøyla - Elveseter

Book

«Sagasøyla» er ei 34 meter høy søyle med skulptur og relieffer som viser Noreg si historie frå slaget ved Hafrsfjord fram til landet fekk sin grunnlov på Eidsvoll. Sagasøyla står ved Elveseter turisthotell i Leirdalen i Lom kommune.

«Sagasøyla», inntil 1992 kalt «Eidsvollsmonumentet», er ei 34 meter høy søyle med skulptur og relieffer påbegynt av billedkunstnaren Wilhelm Rasmussen på 1920-talet. Kunstverket ble fullført og reist i 1992 ved Elveseter turisthotell i Leirdalen, ein sidedal til Bøverdalen i Lom kommune.

Bileta på statuen viser Noreg si historie frå slaget ved Hafrsfjord fram til landet fekk sin grunnlov på Eidsvoll. Ved foten av søyla finn vi kongerekka. Øverst troner ein rytterstatue av Harald Hårfagre, kongen som samla Noreg til eit rike ved Hafrsfjord.

Historia bak "Sagasøyla":
Allereie i 1836 sendte diktaren Henrik Wergeland ut eit opprop til det norske folk om å reise eit minnesmerke over Noregs sjølvstende, Grunnloven i 1814. Monumentet skulle reisast utanfor Noregs storting og skulle ha namnet "Eidsvollsøyla". Bilethoggar professor W. Rasmussen vann konkurransen om utforminga av monumentet.

Søyla si utsmykking representerer Noregs-historia frå landet vart samla til eitt rike i 872 til riksforsamlinga i 1814. Da krigen starta i 1940 var søyla halvferdig i cyanitt, resten modellert i gips. Arbeidet stoppa opp under krigen. Da saken på nytt kom opp i Stortinget, oppsto politisk splitting som dessverre førte til at det vidare arbeidet med søyla stoppa. Søyla vart liggjande i 20 år da Åmund Elvesæter tok initiativ til å få søyla reist att. Etter tre fortvila forsøk for å få plassert den på Lillehammer, så Åmund Elvesæter inga anna muligheit enn å ta saken i eigne hender.

Søyla vart ferdig i slutten av august 1992. Frå grunnfjellet og opp til kongekrona er søyla 40 meter høg. Over bakken - 34 meter.

Last updated: 02/03/2022

Source: Visit Jotunheimen AS

Sagasøyla - Elveseter

Book

Sider du nylig har besøkt