Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Nordfjordeid

Sagastad Vikingsenter

Sagastad Vikingsenter er eit spennande opplevingssenter for heile familien. Her blir du kjend med vikinghistoria frå Nordfjordeid, ei historie om kongar, maktkampar, store reiser, mytologi og mystiske ritual.

Stig om bord i det 30 meter lange Myklebustskipet – ei gjenbygging av Noregs største kjende vikingskip. Leik deg gjennom utstillinga med VR oppleving og interaktive installasjonar. Få med deg kinoen «Det brende skipet» og test kunnskapane dine om vikingane sine tokt og reiser ut i verden.

Utstillinga i senteret er tilgjengeleg på norsk, engelsk, og frå 2023 også på tysk. I tillegg kan du utan tillegg i prisen nytte deg av audioguide på spansk, fransk, mandarin, engelsk og tysk. Til audioguiden nyttar du eigen smarttelefon, og gratis WiFi på senteret. Vi anbefaler å ta med hovudtelefonar.

Sagastad er eit moderne senter som opna i 2019. Det spesielle, svarte signalbygget som rommar skipet og utstillingane er ei openbaring i seg sjølv. At dette er verdens vakraste naust er vi ikkje i tvil om!

Senteret ligg like ved fjorden i sentrum av bygdebyen Nordfjordeid. Akkurat på halvvegen mellom kysten med surfeparadiset i Hoddevika og det storslåtte Vestkapp-platået, og i andre enden høge fjell med utsikt over turkise vatn og brearmar i Loen og Olden. Uansett kor i Nordfjord du overnattar er Sagastad ikkje meir enn om lag ein time med bil.

Velkommen til vikingtida!

Last updated: 03/26/2024

Source: Nordfjord

Sagastad Vikingsenter

Sider du nylig har besøkt