Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Ålesund & Sunnmøre Norddal

Sailing Pilgrim

  • Skomakergata 8, Norddal
  •  /  km From You
Overview
Details

Fjordturer i vikingskip med orientering om Olav den Helliges ferd gjennom Valldal, samt livet langs fjorden.

I St Olavs kjølvann i Valldal

Sailing Pilgrim  ynskjer å setja fokus på ein lite kjent del av norsk historie. I 2015 vart  pilegrimsleia frå Valldal til Nidaros via Dombås opna. Denne vart godkjent som pilegrimslei fordi Olav den Heilage drog gjennom dalen i 1029, og han sette mange ulike fotavtrykk som kan sjåast den dag i dag. Sailing Pilgrim vil ta pilegrimar og andre som er interesserte ut på fjorden i eit vikingskip og fortelje historia om Olav si dramatiske ferd inn fjorden og opp dalen, før han drog via Dovre over til Sverige. Vi tilbyr ein unik tur på fjorden i vakker natur, samtidig som det er ei reise 1000 år attende i tid. Folk vil kunne sjå Sylteormen, Pengehola, Preikestolen, Snushornet og Årebladet, som alle har historier om Olav knytt til seg. På land vil dei verte vist Olavs-støtta, Olavsvegen, Olavskjelda og Olavshellaren. Mange meiner at Valldal er den staden bortsett frå Stiklestad som har flest tradisjonar om Olav knytt til seg.

 

Forslag til andre aktivitetar i området:

Syltefjellet - vandretur: her er det store planar om å bygge eit kloster!

Ruggå - vandretur: hugs å klatre oppå steinen for å få den til å bevege seg!

For sykkelentusiastar er Mefjellet og stien/vegen ned til Fjørå ein klassikar. 

Om du vil ha litt meir fart, så er det og populært med rafting i Valldøla, samt ein Klatrepark med utfordringar for store og små!

Ta deg og ein tur over fjorden til Herdalssetra, kor du kan få kjøpt rømegraut og anna tradisjonell mat laga av geitemjølk. I tillegg går det kring 400 geiter ute på setra.

 


  • Last Updated:
  • Source: Ålesund & Sunnmøre

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båtturer
  • Guidede turer

Opening hours

1. mai 2017 - 1. okt 2017: man tirs ons tors fre lør søn 00:00 - 23:59
See All
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad