Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Valldal

Sailing Pilgrim

  • Skomakergata 8, Norddal
  •  /  km From You
Overview
Details

Fjordturer i vikingskip med orientering om Olav den Helliges ferd gjennom Valldal, samt livet langs fjorden.

I St Olavs kjølvann i Valldal


Sailing Pilgrim  ynskjer å setja fokus på ein lite kjent del av norsk historie. I 2015 vart  pilegrimsleia frå Valldal til Nidaros via Dombås opna. Denne vart godkjent som pilegrimslei fordi Olav den Heilage drog gjennom dalen i 1029, og han sette mange ulike fotavtrykk som kan sjåast den dag i dag.

Sailing Pilgrim vil ta pilegrimar og andre som er interesserte ut på fjorden i eit vikingskip og fortelje historia om Olav si dramatiske ferd inn fjorden og opp dalen, før han drog via Dovre over til Sverige. Vi tilbyr ein unik tur på fjorden i vakker natur, samtidig som det er ei reise 1000 år attende i tid. Folk vil kunne sjå Sylteormen, Pengehola, Preikestolen, Snushornet og Årebladet, som alle har historier om Olav knytt til seg.

På land vil dei verte vist Olavs-støtta, Olavsvegen, Olavskjelda og Olavshellaren. Mange meiner at Valldal er den staden bortsett frå Stiklestad som har flest tradisjonar om Olav knytt til seg.


  • Last Updated:
  • Source: Fjord Norge AS

Utendørsaktiviteter

Aktiviteter
  • Båtturer
  • Guidede turer
Click to activate
Norddal, Norway
The latitude and longitude
62° 18' 1" N / 7° 15' 41" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad