Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sveio

Salamanderparken i Sveio sentrum

  • Sveio Sentrum, Sveio
  • +47 53748000
  •  /  km From You
Overview

Midt i Sveio sentrum ligg eit reservat for den freda storsalamanderen. Mellom salamanderdammane er det opparbeidd grusa turstiar, og det er steinbord og benker til å rasta ved. Frå salamanderparken er det merka ei kort turløype med informasjonsskilt til kulturminna ved Mannaberget.


For 3000 – 4000 år sidanvar salamanderen truleg vanleg og utbreidd over store delar av Vestlandet. I dag er den svært sjeldan både her i landet og i resten av Europa. Årsaka er at salamander og fisk ikkje kan sameksistere. Dammane i salamanderparken har ikkje eigna gytestader for fisk, og dette er årsaka til at salamanderen framleis finst her. 


Salamanderparken er ikkje like rydda som andre parkar. Slik skal og må det vere! Salamanderen brukar nemleg mykje av tida si på land. Dels går den på land om kvelden og natta for å finne mat, men store delar av året ligg dyra i dvale under ei trerot eller inne i ei steinrøys. Ser du ein salamander på land, så la han gå i fred. Sjølv om dei er giftige, er dei svært sårbare på land. Lettaste måten å få sjå ein salamander på er å gå roleg fram mot ein dam og sjå ned mot botnen. Salamanderen er lett å uroe i vatnet, og då er han rask å gøyme seg i mudderet eller under ei grein.


  • Last Updated:
  • Source: Destinasjon Haugesund & Haugalandet
Click to activate
Sveio, Norway
The latitude and longitude
59° 32' 30" N / 5° 21' 6" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad