Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Overview

Sandsfjorden ligg i Suldal i Ryfylke og går frå Jelsa i sørvest til om lag kommunesenteret Sand i nordaust. Fram til fjorden deler seg i Hylsfjorden og Saudafjorden, er han om lag 25 km lang. Naturen langs fjorden er spektakulær både over og under vatn. I innløpet til Sandsfjorden ligg den flate, vakre Foldøynå. Øya er 1,1 kvadratkilometer og består av dyrka mark eller fjell i dagen. Historisk interessante Hebnes ligg på neset nord for fjorden, medan den vakre strandstaden Jelsa ligg i sør. Eit stykke nordover ligg det fleire holmar midt i fjorden og fleire smale sund går mellom desse. Idyllar for båtfolket er det mange av.

Strandstaden Sand er kommunesenteret i Suldal kommune og ei av tre gamle bevarte strandstader i Ryfylke. Eit stykke sør for Sand ligg den litle Lovrafjorden som ein arm sørover frå Sandsfjorden rett ned for Nasjonal turistveg Ryfylke (Rv 13). Her er ein fin liten rasteplass med utsikt ned til fjorden i båe retningar.

Inn Sandsfjorden er det trafikk med større skip til og frå pukkverk på Jelsa og metallindustrien og i Sauda i tillegg til hurtigbåtar for folk flest. Ei seglskute kan ein og få sjå i farvatnet her sommarstid; ”Brødrene af Sand” er ei restaurert jekte som er knytta til Ryfylkemuseet på Sand.

Før køyrevegar på land blei bygde, var fjordane hovudferselsåra for alle fjordbuar. Sidan vegane kom seint i Ryfylke, er det mange interessante fråflytta plassar og kulturminne som er synlege langs fjordane.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger
Click to activate
Suldal, Norway
The latitude and longitude
59° 28' 58" N / 6° 14' 30" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad