Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sand

Sandsfossen og Høsebrua

  • +47 52790560
  •  /  km From You
Overview

Sandsfossen på Sand i Ryfylke er siste del av Suldalslågen som er ei av dei lengste elvane i Rogaland. Fossen er ikkje høg, men svært brei og har ein imponerande fossedur. Fallet er på 4 meter. Fossen ligg eit par minutts gange frå Sand Sentrum, like ved Suldals største turistattraksjon: Laksestudioet i kanten av fossen. Parkeringsplass og rasteplass like ved. Historiske laksetrappar og andre innreiingar for laksefiske ligg rundt fossen. Vassføring: Regulert i sommarsesongen (vanlegvis ml. 55 og 72 m3 pr. s.). Laksestudioet er ope i sommarsesongen, fossen kan opplevast heile året.

Like ved Sandsfossen og Laksestudio ligg Høsebrua - ei gangbru over Suldalslågen teikna av Rintala Eggertsson Arkitekter AS. Brua krysser Suldalslågen ved Høse, rett ovenom Sandsfossen. Brua blei bygd i 2012 og har særs fin belysning. Ta ein tur over og opplev Sandsfossen frå den andre bredden.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger
Click to activate
Suldal, Norway
The latitude and longitude
59° 28' 53" N / 6° 15' 23" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad