Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sauda

Sauda Turistinformasjon

  • c/o Sauda Ferie & Fritid, Kyrkje gt. 2, Sauda
  • +47 52784200
  •  /  km From You
Overview
Details

Sauda turistinformasjon ligg i Sauda sentrum i Ryfylke.

Sauda har i underkant av 5000 innbyggjarar og ein arealsmessig utstrekning på 514 km². Kommunen er først og fremst kjend som ein vannkraft- og industrikommune, i tillegg til å vera handels-, skule- og servicesenter i indre Ryfylke.

Det unike med Sauda er nærleiken mellom by og natur. Her kan du nyta ein kopp kaffi i sentrum og gløtta opp på dei kvitkledde fjelltoppane. Sauda er eit eldorado for friluftsinteresserte med mange flotte turmål både sommar og vinter. Spenn på deg skia ein gnistrande klar vinterdag eller ta med deg fiskestånga og prøv lukka i eit av dei mange fjellvatna ein lun sommardag. Her er noko for alle!

Det gjeld óg for overnatting, der ein kan velje mellom enkel camping, hytter eller flotte hotelrom.

Nasjonal turistveg Ryfylke går tvers gjennom Sauda sentrum. Om vinteren kan du ta skibåten til fjells!

Gratis WiFi:
Mulig å logge seg på trålaust internett ved alle kommunale område, som rådhuset, biblioteket, Saudahallen og skuler. For å kunne logge seg på gjestenettet, må ein ha kode som ein kan få ved å henvenda seg på biblioteket eller i Saudahallen. 
Andre stader med  gratis WiFi; Sauda Fjordcamping, kafèen på Kløver hotell, Sauda Ferie & fritid.  

Opningstider: Sommaropent!
Elles i året: Henvending på kundetorget 52 78 62 00.

Velkommen til Sauda, innst i Ryfylke.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Sauda, Norway
The latitude and longitude
59° 38' 52" N / 6° 20' 54" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad