Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Sauda

Saudafjorden

  • +47 52784200
  •  /  km From You
Overview
Details

Saudafjorden i Ryfylke strekk seg frå der Sandsfjorden deler seg i eit nordre løp inn 16 km til Sauda og eit austre inn til Hylen. Saudafjorden er den nordlegaste delen av Boknafjorden i Rogaland. Nasjonal turistveg Ryfylke (Fv. 520) går høgt over fjorden på nordsida frå Ropeid til Sauda. På det djupaste er fjorden nærare 400 meter. Fjella rundt går opp til over 1000 m.o.h. med Hustveitsåta som høgaste topp og turmål på 1187 m.o.h. Det betyr at snøen prydar toppane langt utover våren.

Det ligg enkelte bruk langs fjorden, m.a. museumsgarden Jonegarden på Hustveit, som er ope sommarstid og er del av Ryfylkemuseet.

Store fossar pryder fjordsidene, m.a. Honganvikfossen og Svandalsfossen, sistnemnde med eit trappeanlegg som gir høve til å gå langt opp til øvre foss. Trappa går rett frå parkeringsplassen ved Fv 520 og er bygd som del av Nasjonal turistveg Ryfylke.

Fossane her gav i gamle dagar grunnlag for sagbruk som igjen gav tømmereksport til Europa på 1600-talet, særleg til Nederland og Skottland.

Fleire rasteplassar før Sauda gir høve til fotostopp og ein kvil. Innerst i fjorden ligg den konsentrerte byen og kommunesenteret Sauda med både gamal men livskraftig industri og sørvestlandets største alpinanlegg.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger

Plenlegg reisen

Reiseinformasjon
  • Parkering
Click to activate
Sauda, Norway
The latitude and longitude
59° 38' 40" N / 6° 21' 1" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad