Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Vassenden

Sauna på elvakanten - Jølstraholmen

Bestill
Sauna på elvakanten - Jølstraholmen
Sauna på elvakanten - Jølstraholmen

Nyt ein dampande sauna og eit friskt elvabad på Jølstraholmen.

Saunaen på Jølstraholmen finn du på elvakanten med utsikt over elva Jølstra. Like ved finn du eit lite naturbasseng med moglegheit for å ta seg ein dukkert.

Opningstider og kapasitet

Den er open kvar dag heile året mellom 08.00 – 22.00, og kan bookast av alle over 18 år. Ein treng ikkje være gjest på Jølstraholmen for å booke denne, open for alle.

Saunaen har ein kapasitet på 6 personar. Om du ønskjer å ha saunaen for deg sjølv og dine venner kan du booke den privat for kr 500 pr time eller drop in til kr 150 pr person pr time. Du kan booke den online på www.jolstraholmen.no minimum 2 timar før, eller 1 time før om du ringer direkte. Tlf 972 97 879

Korleis komme seg til Jølstraholmen

Jølstraholmen ligg på Vassenden i Jølster, om lag 15 min køyring frå Førde og 20min frå Skei.

Kilde: Visit FjordKysten og Sunnfjord

Sauna på elvakanten - Jølstraholmen

Bestill

Sider du nylig har besøkt