Dynamic Variation:
Book
Norway Now
Choose Language
Search & Book
Search
or search all of Norway
Fjord Norway Sognefjorden Balestrand

Saurdal- Balestrand (via rute 9-7 Fagradalen- Kreklingen)

  • Holmen, sentrum, Balestrand
  • +47 57691255
  •  /  km From You
Overview

Praktisk informasjon


 Startpunkt:                       Ved infotavla i Saurdal (Euref- koordinat:  x518190 y365640)


Sluttpunkt:                        Ved infotavla ved Kreklingen (Euref- koordinat:  x678820 y366988)


Parkering:                           Ved enden av Saurdalsvegen


Tilkomst:                             Saurdal ligg 14  km frå sentrum, først ca 7 km  langs rv 55 før du svingar av mot Saurdal og fortset i ca 7 km oppover


Merking:                             Stien er merka med skilt og raud T på steinar og tre


Kilometer:                          12 km ein veg


Gradering:                         Tung


Høgdeskilnad:                  620-1136-80 moh


Berekna tidsbruk:            7 timar (gangtid ein veg)


 


Turen startar ved infotavla i Saurdal, ved enden av Saurdalsvegen. Stien går på ei moderat til lett rute gjennom fjelldalar, vassdrag og til fjelltoppar


Heile ruta er godt merka med raude merke på kvite steinvardar. Først går stien langs rute 5 mot Munkeggi (nb, ikkje ta av mot Hanevikelvi) til ein møter skilt mot Hanevikstølen. Frå skiltet tek ein inn på den gamle stølsvegen innover Saurdal.


I utløpet av Målsnesvatnet fortsett stien over brua og mot Hanevikstølen, ein støl som var i drift fram til 1955.


Vidare frå stølen fyl ein stien oppover mot fjellplatået mellom Storevarden og Bukkaberg. Her kan ein velje å ta ein avstikkar opp til Storavarden.


I Fagradalen møter ein rute 9 som tek deg vidare til Spenane (1136 moh) og Raudmelen, og derfrå vidare på rute 7 ned til Balestrand


  Ein kan sjølvsagt også velje å gå attende til Saurdal


   Heile vassdraget i Saurdal, med vatn, stryk og elvar,  er svært godt eigna for stangfiske. Særskilt i Oddmundsvatn har aurebestanden blomstra opp dei siste åra.


Gode Råd :  I Saurdal og under raudmelen kan det vere noko våtlendt så ta gjerne med gode sko og eventuet sko/sokkeskift


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad