Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Selje

Selja Kloster

  • +47 57856606
  •  /  km From You
Overview
Details

På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selja kloster. Klostertårnet er intakt. Klosteret vart bygt av Benediktinermunkar tidleg på 1100-talet. Legenda om den heilage St.Sunniva, som leid martyrdøden her, lever vidare.

Sjå rutetider for Klosterbåten her!

Selja vart i 996 det første pilgrimsmålet i landet då kong Olav Tryggvason fann relikviar i ei hole på øya. På øya Selja, 15 min. båttur frå Selje, ligg ruinane av Selja Kloster - kanskje landets eldste kloster. Klostertårnet er intakt. Dette klosteret blei bygt av Benediktinar-munkar tidleg på 1100-talet, til ære for St.Sunniva. Legenda om den heilage Sunniva, som leid martyrdøden her, lever vidare. Norge har to mannlege helgenar, (St.Olav og St.Hallvard) og ein kvinneleg, St.Sunniva, Vestlandets vernehelgen. Legenda fortel at den irske kongsdottera Sunniva flykta då landet hennar blei hærteke av heidningar og den nye kongen ville gifte seg med henne. Ho kom i land på øya Selja. St.Sunnivahola, der Sunniva i følgje legenda døydde, er ei stor fjellhole med murleivningar og spor etter den første kyrkja, vigd til erkeengelen Michael. Frå 1068 til 1170 var Selja bispesete for heile Vestlandet.

På øya finn ein og:

■Tuftene etter den første soknekyrkja, som seinare vart flytta til fastlandet.

■Ruinar av St.Sunnivakyrkja, på same staden der Olav Trygvasson bygde ei av dei første kyrkjene i landet.

■Ruinar av St.Albanuskyrkja, klosterkyrkje vigd til den engelske helgen St.Albanus.

■Klosterruinane blir i dag brukte til kyrkjelege handlingar som t.d. messer og vigsler.

På sørsida av øya er det óg funne fleire vikinggraver og restar av eit langhus (gard) frå jernalderen.


  • Last Updated:
  • Source: Reisemål Stryn & Nordfjord

Outdoor Activities

Activities
  • Båtturer
  • Guidede turer
Click to activate
Selje, Norway
The latitude and longitude
62° 3' 9" N / 5° 17' 59" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad