Dynamic Variation:
Offers
x

There was not an exact match for the language you toggled to. You have been redirected to the nearest matching page within this section.

Choose Language
Toggling to another language will take you to the matching page or nearest matching page within that selection.
Search & Book Sponsored Links
Search
or search all of Norway

Eastern Norway Tokke

Selskap og catering

  • Museumsvegen 9, Museumsvegen 9, Tokke
  • +47 35069090
  •  /  km From You
Overview

Heimelaga mat med lokale råvarer servera i unike omgjevnadar.

Kaféen på Norsk Skieventyr i Morgedal og Museumskaféen i Eidsborg har ope frå 1. mai og til hausten. Båe plassar tek me imot bestillingar for grupper, selskap, bryllaup osb. heile året.

Me er gode på catering, og har fleire alternativ til ulike prisar for store og små selskap. Både i Eidsborg og i Morgedal har me eigna lokale for kurs, konferansar, møter og selskap, og kan sjølvsagt skreddarsy den menyen du ynskjer.

Museumskafé Eidsborg

I nye, flotte, ljose lokale med utsikt mot Eidsborg stavkyrkje og bygdetun med bygningar tilbake til 1100-talet, er dette ei fantastisk ramme for selskap. Maten blir produsera på eige kjøkken, og bruk av lokale råvarer er viktig. På vår meny finn du både tradisjonsmat og nye spennande rettar. 

I kaféen har me småbord eller langbord alt etter kor mange som ynskjer å sitte saman. Me har god kapasitet, og kan ta imot grupper på opptil 100 personer. Me har veldig gode, moderne  lokale for møter, kurs, konferanser og selskap. Ta kontakt med oss for tilbod.

Les meir om kaféen i Eidsborg.

Planlegg du bryllaup? 
Den vesle intime stavkyrkja i Eidsborg har husa mange bryllaup. Det vert noko eige med å trø inn i eit bygg med historie 800 år attende i tid. Eidsborg Stavkyrkje ligg ved Vest-Telemark Museum Eidsborg. Museets friluftsanlegg har meir enn 30 gamle bygg. Mange av dei attende til 1100-talet og alle har ei spanande historie å fortelje. Nokre av bygga er mogleg å bruke. Sjarmerande og unike rammer for fotografering er her mange av. Flott uteområde med bl.a. smie, husmannsplass og gapahuk, ein arena for mange ulike aktivitetar.

Museumsbygget rommar flotte utstillingar og ein stor kafé med utsyn til stavkyrkje og bygdetun. Tett ved museet ligg kanalparken med aktivitetar for store og små.

Vest-Telemark Museum har utleige av brurebunad.

5 km frå Eidsborg ligg Dalen og Dalen Hotel - eventyrhotellet. 

 

Kaféen på Norsk Skieventyr i Morgedal

Kafédrift i Morgedal har lang tradisjon, både Morgedal Kro og Sondre Kro var kjende stoppestadar for dei som var køyrande langs tidlegare E76, nå E134. Tradisjonen med eit hyggeleg lokale, god service og heimelaga mat finn du òg i dagens kafétilbod i Morgedal.

Me kan ta imot grupper inntil ca. 70 personar, eiget møterom opptil 15 personar.

På vår meny finn du heimelaga kaker, bagetter eller smørbrød, enkle lunsjrettar og middager med lokal vri.

For meir info, ta kontakt med Tone Gjerjordet (480 28 949). Du kan også ringe direkte til Norsk Skieventyr: tlf. 35069080, e-post: post@vtm.no

Meir om kaféen i Morgedal.


  • Last Updated:
  • Source: Vest Telemark
Statens Kartverk, Geovekst og kommuner - Geodata AS
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages