Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)

Lom

Sentral'n | Kafé og isbar

Book

Sentral'n Kafé og Isbar er ein isbar midt i Lom sentrum. Kjent for elgburgeren sin, dalen største utval av kuleis og god kaffe!

Sentral'n Kafé og Isbar byr på uhøgtideleg stemning og noko søtt, godt og mettande for einkvar. Her kan du nyte is, burger, pils og pizza på ei takterasse med utsikt over Lom sentrum og fjellandskapet.

Her finn du Gudbrandsdalens største utval av kuleis! I tillegg til iskrem kan Sentral`n by på mellom anna lokalprodusert elgburger og speketallerken med skinke av utegangsgris frå Skjåk. Dei har også take-away pizza og kaffe i alle variantar.

På Sentral'n kan du sitja med ein diger iskrem i handa og nyte utsikta over Lomseggen, sentrum og stavkyrkja.

Ope alle dagar frå mai til august! Velkomen! 
 

Last updated: 08/30/2021

Source: Visit Jotunheimen AS

Sentral'n | Kafé og isbar

Book

Sider du nylig har besøkt