Valle

Setesdal Husflid

  • Stakk
  • Bunad
  • The traditional sweater from Setesdal
  • Besøk nettsiden

  • Send oss en epost

  • +47 37937308

  • Husflidbygget

    Valle, Agder

    Vis i kart

I Valle sentrum ligg Setesdal Husflid. Her finn du eit godt utval i husflidartiklar og suvenirar. Den originale Setesdalskofta er sjølvsagt populær. Her er det og eit stort utval i rimelegare husflidsprodukt og gåver.

Setesdal Husflid er eitt samvirkelag som vart stifta i1966, då med namnet Setesdal Husflidssentral. Husfliden er ein heilårsope butikk og verkstad i Husflidsbygget, Valle. Husflidsprodusentar og interesserte stod for etableringa, og føretaket skulle fyrst og fremst selje medlemene sine produkt. Vidare skulle Husfliden jobbe for ei vidareutvikling av husflidsproduksjon i Setesdal.

Husfliden har i sin snart 50-årige historie vore eit viktig kompetansesenter for Setesdalsbunaden og sytt for at saumarar i heile dalen har hatt tilgang på spesialprodusert tøy og garn til bunaden.Dei tilsette har og ytt verdifull hjelp og rådgjeving til alle som har gjeve seg i kast med bunadssaum.

Kilde: Setesdal