Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Valle

Setesdal og Ryfylkeheiane Landskapsvernområde

  • Postboks 4, Valle
  • +47 37937526
  •  /  km From You
Overview

SVR Landskapsvernområde

-Norges nest-største verneområde
-Reinsdyrens rike med høgfjells vegetasjon og dyreliv
-Til dels ekte villmark der få ferdast
-Fantastiske turmulegheiter langs DNT sitt rutenett og hytter
-Staka vinterløyper for vandringar på fjellski

Setesdal Vesthei og Ryfylkeheiane Landskapsvernområde SVR er den naturlige sørenden av Norgesryggen. Desse snaue, forblåste hei rager opp frå låglandet ved Evje og Tonstad i sør, heilt til Haukeli og Røldal 180km lenger nord. Med sine 2347 kvadrat kilometer er SVR Norges nest-største vernesak etter Hardangervidda Nasjonalpark.

Europas sørlegaste villreinstamme held til i heiane. Det er og mange slags andre planter og dyr knytta til høgfjellet som har sin sørlegaste utbredning her. Landskapet er like variert som det er stort. I sør blir heia karakterisert av småkupert terreng med bjørkekratt og trollfuru og tusenvis av små tjønn og vatn i høgde frå 800-1000m. Nord for Gaukhei og Kvinen, kjem ein tydeligare over tregrense og finns grødige dalføre, lyng og knauser mellom 1000-1200m. So kjem ein rekke med store vasskraftmagasin som Rosskreppfjorden og Blåsjø som samanlagt står for ein viktig del av Norges kraftproduksjon. Landskapet heves trinnvis til 1200-1400m og blir røffare, med glatt skurte svaberg, morenerygger og store flytteblokker overalt. Snøfonn overlever gjerne sommaren på dei høgste toppane som Rjuven, Leirknuten og Snønuten som med sine 1400 til 1600m rager høgt over heiane rundt.

På Ryfylke vest-sida av SVR Landskapsvernområdet, er landskapet meir dramatisk og stuper frå peneplanet til tronge juv og fjordar som Lysefjorden, Jøsenfjorden og Hylsfjorden. Dette er eit flott terreng for nydelege toppturer med vidstrakt utsikt over fjordane, bygdane og øyriket mot havgapet.

SVR grensar til ein rekke med mindre landskapsvernområder som har fått merksemd for sitt landskap, planteliv eller særs vakre turmål: Frafjordheiane, Vormedalsheia, Lusaheia, Dyraheio og Kvanndalen er eksempler på Ryfylke sida. Praktisk talt er difor over 3400kvkm høghei verna.

Med utgongspunkt Ryfylke er SVR og dei tilknytta verneområdane lettast tilgjengeleg via Fv45 Hunnedal-Sirdal-Setesdal (Suleskarvegen), med ferje frå Lauvvik til Lysebotn, via grusvegen frå Vormedalen til Fundingsland, frå Gullingen over sommarvegen til Blåsjømagasinet, fjellvegen frå Nesflaten til det regulerte Holmavatnet og sjølvsagt via E134, Haukelifjell.

Det er fri ferdsel i heia med unntak av vernesonar for villreinen som er markert på kart. Vi anbefaler bruk av DNT Stavanger Turistforening sine velmerka løyper og hyttenett. Nokon av hyttane som Stranddalshytta, Lysefjorden Turisthytte og Haukeliseter fjellstue er betjente og her kan du få deg eit godt måltid og bekvem seng.

Du kan og sykle heiane på tvers idet du følgjer Nasjonal Sykkelrute frå Telemark via Setesdal til ferja i Lysebotn. Ei fantastisk rute.

Turkart kan kjøpes i turistinformasjonane, i diverse friluftsbutikker og Stavanger Turistforening sin butikk i Stavanger. Planlegg din tur med DNT planleggingskart.


  • Last Updated:
  • Source: Region Stavanger
Click to activate
Valle, Norway
The latitude and longitude
59° 10' 20" N / 7° 10' 13" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad