Skip to main content
Unknown Component
civid: 585abc7cf7d87a7717a647b8
name: plugins_common_social_share (widget)

Valle

TripAdvisor rating of 4.5

3

Setesdalsmuseet på Rysstad

Setesdalsmuseet på Rysstad tek deg med på ei vandring gjennom kultur, historie og tradisjonar i Setesdal.

Kultur og tradisjon i Setesdal. Setesdalsmuseet formidlar god historie på 13 ulike arenaer. Museumsbygget på Rysstad – som du kan besøke heile året –har faste utstillingar i kombinasjon med vekslande sommarutstillingar.

”So gjekk me kledde i Råbyggjelaget” har vi kalla museet si hovudutstilling. Råbyggjelaget er det gamle namnet på dei indre og vestre bygdene i Aust-Agder, og hovudtema er draktskikken i dette området. Utstillinga gjev oss glimt frå kvardagslivet, men fokuserer mest på livshøgtider som dåp, konfirmasjon og bryllaup. Tablå med dokker, i kombinasjon med tekster og eit rikhaldig biletmateriale, gjer fortida levande for oss. Sjå også filmen ”Eit anna Setesdal”, som viser at setesdølane ikkje berre var opptekne av det som hadde vore. Aldri før hadde dei markert seg så kraftig i det offentlege liv som i tiåra før og etter år 1900.

Den andre hovudutstillinga vart laga i samband med at Annemor Sundbø fylte 70 år. Ho er internasjonalt kjend for sitt arbeid som faglærar i tekstil, kunsthandverkar og forfattar, og er opp gjennom åra heidra med ei rekkje prisar og stipend. Ho har lagt ned  eit stort forskningsarbeid knytta opp til strikketradisjonane våre med utgangspunkt i setesdalskufta. Utstillinga har fått namnet «Spelsau og samspel», som og er tittelen på den siste boka hennar.

I den vesle salen viser vi sommaren 2021 ei utstilling om polarforskaraen Sigurd G. Helle. Han var leiar av «Den norske antarktisekspedisjonen» som 1956-60 overvintra på Sørpolen. Ekspedisjonen vart arrangert i forbindelse med det internasjonale geofysiske året 1957/58, og fekk utført eit unikt forskningsarbeid. Dessutan hadde ekspedisjonen stor politisk betydning og bidrog til å oppretthalde Noregs territorialkrav i Antarktis.

Museet har eit lite suvenirutsal og tilbyr enkel servering.
 


Last updated: 03/26/2024

Source: Setesdal

Setesdalsmuseet på Rysstad

Sider du nylig har besøkt