Skip to main content
Unknown Component
civid: 5c827ba037bdfdb80784db70
name: plugins_common_social_share (widget)
Stord

Sherpatrappene opp til Kattnakken

Fjord og fjell, øyer og fastland.
Sherpatrappene opp til Kattnakken
Turen opp Fossabrekko er godt skilta
Turen er godt merka med raude T-ar.
Flott utstikt ved varden i Fossabrekko.
Frå toppen av Fossabrekko kan du gå vidare mot masta og ned grusvegen.
Mange moglegheiter for vandring i Stordfjellet

Ta turen opp sherpatrappene og nyt utsikten over Sunnhordlandsbassenget mot Huglo, Tysnes, Kvinnheradsfjella, Halsnøy og Borgundøy - og Folgefonna!

Stad

Fossabrekko - Stordfjellet

Turkart

Stord – Fitjar  1 : 50.000

Start og sluttpunkt

Ved bommen opp mot TV-masta på Stord

Parkering

Ved Fjellstova eller Heio. Frå E39 køyrer ein mot Fjellgardane og Lundsseter frå Ådlandsvatnet eller frå Førlandskrysset (Rommetveit).

Tidsbruk

ca 1 t

Gode råd

Nokre bratte parti. Bruk høvande sko. Her finn du også gode råd for fjellturen.

Turomtale

Dette er ein tur som startar ved inngangen til Heio/ved bommen opp mot TV-masta på Stord. Ein fylgjer vegen forbi bommen eit lite stykke, før ein tek til venstre opp sherpatrappene og Fossabrekko. Langs vegen har  ein god utsikt over deler av Sunnhordlandsbassenget mot Huglo, Tysnes, Kvinnheradsfjella, Halsnøy og Borgundøy. Det er også mogleg å sjå Folgefonna. Det er ca 500 trappetrinn til du er på toppen av Fossabrekko. Undervegs er det laga til ein stad med benkar ein kan ta ein rast på.

Frå toppen av Fossabrekko kan ein gjerne kombinere turen med vandring til Stovegolvet.

Kilde: Region Sunnhordland

Sherpatrappene opp til Kattnakken

Sider du nylig har besøkt