Stranda

Sidersmaking i Skarbø Sideri - for grupper på forespørsel

Bestill
  • Prøv den smakfulle ostetapasen du får på sideramakinga.
  • Gode smaker på serveringsfatet fra Skarbø Gard.
  • Sidersmaking med oppsett av blomster og korker.
  • Smakfull eplemost frå Skarbø Gard.
  • Besøk nettsiden

  • Besøk oss på Facebook

  • Send oss en epost

  • 90 78 18 81

  • Allmenningen 1, 2. etg.

    Stranda, Møre og Romsdal

    Vis i kart

Velkomen til å vere med på sidersmaking med ost- og skinketapas i andre etasje på Skarbø Sideri & Landhandel.

Smakar frå gard og fjord - for grupper og arrangement

Andre etasje på Skarbø Sideri & Landhandel kan også nyttast til grupper, møte og private arrangement på førespurnad. Her ventar ei smakoppleving med lokale råvarer i sentrum. Her får du servert fem ulike sidrar frå Skarbø Gard, kvar nøye sett saman med utvalde ostar frå eige ysteri og spekemat frå Stranda og Tind.

Kombinasjonen av sider, ost og spekemat gir eit innblikk i både mattradisjonar og handverk frå regionen. Og opplevinga kan tilpassast dine behov og ønske.

Historia bak smaken

Under smakinga får du lære meir om korleis sideren blir laga, frå epla i frukthagen til det ferdige produktet i glaset. Samtidig får du høyre historia om Skarbø Gard og arbeidet med å utvikle sider og ost av eigne råvarer. For dei som ønskjer alkoholfrie alternativ, finst det sjølvsagt gode alternativ baserte på garden sine eigne produkt.

Før og etter smakinga kan du besøke landhandelen i første etasje og handle med deg sider, ost, spekemat og andre lokale spesialitetar.

Opne smakingar i sommarsesongen

I sommarsesongen blir det i tillegg arrangert opne smakingar og aktivitetar for individuelle gjester på utvalde datoar. Born er også velkomne.

Kilde: Visit Northwest