Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway

Siggjo rundt (27,3 km.)

  •  /  km From You
Overview
Details

Når du kjem frå Trekantsambandet og har sykla over Bømlabrua, kjem du til Gassasundet. Her i vegkrysset til Moster er det ein parkeringsplass og dette er startpunktet vårt for Siggjo rundt. Det er her du kjem ut att på riksveg 541 i dette krysset etter denne rundturen. Men fyrst skal du sykla på ein fint tilrettelagt gang og sykkelsti på 4km mot Siggjo. Denne fylgjer du på utsida av Stokkajuvstunnelen. På gamlevegen her kan ein sjå ned mot den gamle ferjekaien i Siggjarvåg som no er nedlagt. Etter dette er det slutt på sykkelstien for ei stund.


Etter 10,5 km kjem du til krysset ved Ekornsætre. Her tek du til venstre mot Langevåg. Når du kjem litt inn på Erslandsvegen kan du sjå Siggjo reisa seg flott på di venstre side. Etter 13,8 km kjem du til Tormodsætre. I dette krysset fylgjer du framleis vegen til Langevåg, til venstre. Her vært vegen litt smalare, og noko svingete. Du fylgjer Erslandsvatnet eit stykke og nærmar deg ein liten rasteplass på høgre sida vegen. Her får du eit idyllisk utsyn over Sakseidvågen.  I  ”Sakseid t-en” etter 16,3 km svingar du til venstre, mot Håvik . Du passerar den gamle prestegarden på Finnås på høgre  side, før du kjem til den koselige stranda i Åreiddalen.


Frå Åreiddalen og til Håvik er det 5,5km. Frå Håvik til Røyksundkanalen er det omlag 2km. Dit kjem du ved å sykla rett fram i indre Håvik. Når du kjem til krysset ved Røyksund, skal du nok ein gong svinga til venstre, om du ikkje vil ta ein snartur til Moster. Frå krysset og til Gassasundet, er det no berre 1 km igjen før rundturen er fullendt.


Ruta har ei totallengd på 27,3 km og ein høgdeskilnad på 114 meter.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Generelt

Vanskelighetsgrad
  • Utfordrende

Facts

Effort Level
Challenging
Click to activate
Bømlo, Norway
The latitude and longitude
59° 44' 11" N / 5° 20' 43" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad