Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
invalid widget [plugins_social_instagram_liked_media] []
Search
or search all of Norway
Overview
Details

Siggjo: Eit fantastisk utsiktspunkt – og eit spennande geologisk område

Stad: Siggjarvåg/Moster.

Turkart: Stord - Fitjar 1:50.000

Start- og sluttpunkt: Grøvle/Siggjarvåg.

Parkering: Ved riksveg/fylkesveg 542 på Stokka i Siggjarvåg er det gode parkeringstilhøve. Her stoppar bussen på signal. Nede i Siggjarvåg, og i Håvik, er det tilkomst til løypa for båtturistar.

Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Løypa er skilta og merkt. 
Gradering: Blå. Lett fottur, med ein del bratte parti.

Høgdeskilnad: Ca. 300 m. Løypa sitt høgaste punkt er 474 moh.

Tidsbruk: Ca. 2 timar.

Gode råd: Nokre våte og glatte parti, bruk høvelege sko.                                                                                                                                                        

Turomtale: Siggjo har til alle tider vore eit viktig innseglingsmerke som ein kan sjå langt til havs. Fjellet er eit populært turmål, og mange tusen besøkjer det kvart år.

Frå parkeringsplass følgjer du ein godt merkt sti, som går over i ein traktorveg. Følg traktorvegen oppover til skilt merkt Siggjo, og herfrå oppmerkt sti mot toppen. Ta deg tid til nokre stopp undervegs, og nyt utsikta etter kvart som ho opnar seg. Frå Siggjo er det ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Du vil kunna sjå heilt frå Lyderhorn ved Bergen til Haugesund. Folgefonna ligg i aust som eit glinsande kvitt teppe, og i vest kan du sjå utover storhavet så langt auga rekk. Ein kan sjå Bømlo med sine meir enn tusen øyar og skjergarden i heile Sunnhordland.

På toppen er det merkt stig til ryolittbrot. Her kan ein sjå spor etter fleire tusen år gammal steinbryting. Ryolitt-varianten som finst på Siggjo, er særmerkt og lett kjenneleg, med ein mørk grønleg botnfarge og lysare årer og spetter. Steinen vart broten frå fjellet med eld og vatn. Ryolitten frå Siggjo var i bruk frå kring 4000 til kring 2000 år f.Kr. Det meste av Siggjo-ryolitten vart brukt i Hordaland.

Dette området har stor verneverdi, så respekter dette og ikkje ta med stein herfrå.

I lange, lange tider har Siggjo vore vêrmerke og vêrvarslar:
- Tek Siggjo på seg hatten, er det varsel om vatten.
- Tek Siggjo på seg kåpa, på godvêr kan du ikkje håpa.
- Tek Siggjo på seg beltet sitt, vert det sol, men det skyar litt.
- Står Siggjo naken og klår, er det om godvêr ho spår.

Segna fortel at Heilag Olav ein gong gøymde eit skrin med gull i Siggjo. Han sette det slik at sola skein inn gjennom nykelhòlet klokka tolv Olsokdagen, og då skein det i gullet lang veg. Denne gamle segna er ikkje så kjend i dag. Men før i tida har det kanskje vore meir enn éin som sleit og sveitta på bøen eller om bord i fiskebåten, som ved middagsleite Olsokdagen retta ryggen og sende eit lengselsfullt blikk opp mot Siggjo i von om å sjå gullglimting ein eller annan stad i Siggjahadlene.


  • Last Updated:
  • Source: Samarbeidsrådet for Sunnhordland
General
Outdoor Activities
Effort level
  • Utfordrende:
  • Lett:
  • Middels:
Landscape
  • Fjordområde:
  • Skogsområde:
  • Fjellområde:
Hiking
  • Merkede turstier:
  • Korte vandreturer (1-4 timer):

Facts

Effort Level
Challenging
Duration
1-4 hours
Lansdscape
Mountain area
Click to activate
Bømlo, Norway
The latitude and longitude
59° 45' 21" N / 5° 19' 1" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad