Dynamic Variation:
Choose Language
Norway Now
Search
or search all of Norway
Høyanger

Siplo Skisenter

  • +47 92220056
  •  /  km From You
Overview

Siplo skisenter ligg i Høyanger i Sogn og fjordane. Skisenteret vert dreve på dugnad, og årleg vert ca 3000 dugnadstimar lagt ned for å halde det i drift. Siplo skisenter fekk kulturprisen i 2005.


Driftsansvarleg: Jan Milde (jan[at]siplo.no)


Fakta langrennsløyper Lysløype 2,5 km Turløype til Synken: 5 km


Fakta alpintbakken Fabrikkat: Puma Bygd: 1983 Gjennomsnittleg helling 23,3° Skrålengd 688 m Brattaste helling 37° Høgdeulikskap 272 meter Kapasitet 510 pers/t Snøggleik 3.37 m/sek evt. 12.km/t


Året etter at trekket vart bygd bestemd av Veritas at den brattaste hellinga i skitrekk ikkje skulle overstige 35°. Det betyr at Siplo Skisenter har ei av dei brattaste hellingane i ein skibakke i Noreg!

Litt historie


Henta frå og revidert / fritt etter ei skuleoppgåve av Christer K. Astor og Kristian T. Solheim skreiv i 2006
I forbindelse med kraftutbygginga i Høyanger pa slutten av 70-talet missa Høyanger eit viktig skiomrade, «Appelsinhaugane». Omrade vart gjort utilgjengeleg på grunn av heving av vasstaden. For å kompensere for dette tapet vart det bygd ein skiheis, same som i dag er Siplo Skisenter.


Trekket vart ferdig i 1983. Høyanger kommune vart pålagt driveplikt for anlegget. Skiheisen/Siplo Skisenter har sidan oppstarten vert drive på dugnad av Idrettslaget IL Høyang og privatpersonar, med økonomisk støtte fra Høyanger kommune. Anlegget omfattar i tillegg til Skiheis og bakkar; 2,5km lysløype og 7,5km med skiløype langs Bergsvatn til Synken.


Dei forste 10 åra vart trekket for det meste styrt av alpingruppa. Dei 3 -4 neste ara var det Jan og Andor Milde som heldt på, og seinare kom og Steinar Moritsgard inn i biletet. I år 2000 var det ingen som ønska å halde fram, eller overta drifta ved Siplo Skisenter. Anlegget var delvis nedslite og i dårleg forfatning. 16-17 skientusiastar frå Høyanger Raude Kors Hjelpekorps bestemte seg derfor for å overta drifta av Siplo Skisenter, og skiløypene rundt.


Skisenteret disponerte 2 trakkemaskiner, ein frå 1975 og ein frå 1979. Det første som måtte gjerast var a erstatte den eldste maskina med ei ny ei. Prisen for trakkemaskina var heile 500.000 kr. Høyanger Raude Kors gav 50.000kr + 70.000kr i Iån. Resten vart finansiert av Høyanger Kommune, Hydro og Fundo. Den nye trakkemaskina vart ein 91 -modell Prinoth T4.


Stiftinga Siplo Trakkemaskindrift vart no oppretta fordi styret i Høyanger Raude Kors hadde fått darlige tilbakemeldingar. «Pengane til Hjelpekorpset skal ikkje ga til a finansiere slikt utstyr». Siplo Trakkemaskindrift driv i dag framleis Siplo Skisenter. Hovudmalsparagrafen er  «å oppretthalde eit best mogleg skitilbod for befolkninga i Høyanger, og å tilbake føre økonomiske midlar som blir skapt i skiomradet Siplo». Stiftinga disponerar i dag ein 91-modellen Prinoth T4 mlvinsj og ein 94-modell Prinoth T4S. Den nyaste vart kjøpt inn i juli 2005 brukt, frå Sverige.


Jan Milde meinar det i dei fyste leveåra til trekket kom over 100 000,- kr. inn i billettinntekter til skitrekket. EIn av grunnane var at heile familien var i skitrekket. Tendensen i dag er at ungar og ungdom køyrer i trekk, medan far og mor er på tur...


  • Last Updated:
  • Source: Visit Sognefjord AS
Click to activate
Høyanger, Norway
The latitude and longitude
61° 13' 44" N / 6° 3' 40" E
TripAdvisor Reviews
Traveler Reviews in partnership with
Your Recently Viewed Pages
Ad
Ad
Ad